Ledig stilling

Vestnes kommune

Har du lyst til å jobbe som utøvande spesialpedagog for førskulebarn?

Offentlig forvaltning

Det er ledig inntil 200 % faste stillingar som utøvande spesialpedagog for barn i førskulealder i Vestnes kommune

 

Arbeidsområde
Spesialpedagogen skal gje hjelp til barn under opplæringspliktig alder som har rett til spesialpedagogisk hjelp. I tillegg til arbeid med enkeltbarn og grupper med barn omfattar tilbodet rettleiing til føresette, rettleiing av personale i barnehagen og samarbeid med aktuelle partar.

Beskriving 
Stillingane er plassert på PP-kontoret med avdelingsleiar ved PP-kontoret som næraste leiar.  Det utøvande arbeidet er lagt til dei ulike kommunale og private barnehagane i kommunen. Barn som ikkje går i barnehage kan og ha rett til spesialpedagogisk hjelp.

Kvalifikasjonar
- barnehagelærar med vidareutdanning i spesialpedagogikk/mastergrad
- mastergrad som spesialpedagog er og relevant
- erfaring frå arbeid i barnehage
- du har god digital kompetanse, god skriftleg og munnleg framstillingsemne på norsk
- førarkort klasse B, må kunne disponere eigen bil

Personlege eigenskapar
- er aktiv, engasjert og opptatt av faget
- har godt humør, evne og vilje til å jobbe i eit hektisk miljø i stadig utvikling
- er løysningsorientert
- er fleksibel
- har evne til å sjå og anerkjenne barn
- er eit godt språkleg førebilde
- bidreg til god dialog med barn, føresette, tilsette og er ein positiv rollemodell
- har gode samarbeidsevner og vil bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
- kan jobbe i team, men og sjølvstendig 

Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale 

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. 

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar
Oppgi referansar

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.