Ledigt jobb

Kvam Herad i Brønnøysund

Grunnskulelærarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

ER DU VÅR NYE LÆRAR VED KVAM UNGDOMSSKULE?

På vår skule bør du lika samarbeid! Våre kjerneverdiar er samarbeid, omsorg og fokus på sosial- og fagleg utvikling. Me ynskjer at lærarar hos oss er like oppteken av sosial som fagleg læring. For at våre rammer skal vera rette for deg, bør du vera ein kollektivt orientert lærar som samarbeider mykje med andre. Du likar å undervisa og har fokus på engasjerande og utforskande praksis. På Kvam ungdomsskule snakkar me om våre elevar, ikkje mine og dine.

Fokusområda til skulen dette året er følgjande:
- Udir og Statsforvaltaren si Oppfølgingsordning med fokus på trygt og godt skulemiljø og ordinær og inkluderande undervisning
- BTI /Betre Tverrfagleg Innsats
- HMS for tilsette

Kvam ungdomsskule har no følgjande ledige stillingar:

  • 1 stk 100% fast stilling frå 1. januar 2025.
  • 2 stk 100% vikariat, frå og med 01.02.2025 til og med 31.07.2025
  • 1 stk 40% faglærarvikariat, frå og med 01.02.2025 til og med 31.07.2025

Kontaktlæraroppgåver kan verta lagt til stillingane i 100 % stilling.

Aktuelle fag:

Matte, engelsk, norsk, kroppsøving, naturfag, samfunnsfag, mat og helse og spesialpedagogikk. Andre fag kan og verta vurderte som aktuelle. For alle stillingane vil det vera fleksibilitet med tanke på oppstartsdato. Forlenging av vikariata kan og verta aktuelt.

Arbeidsoppgåver

Planlegging og gjennomføring av undervisning. Vanlege kontaktlæraroppgåver. Aktiv deltaking i møteverksemd og utviklingsarbeid ved skulen

Kvalifikasjonar

  • Godkjent pedagogisk utdanning for grunnskulen jf. forskrift til opplæringslova. Andre med relevant arbeidserfaring og/eller utdanning kan også verta vurderte for vikariat.
  • Positivt elevsyn
  • God fag-/metode- og relasjonkompetanse
  • Gode digitale ferdigheiter og kunnskap om pedagogisk bruk av IKT

Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jfr. Opplæringslova § 10-9.
Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

Me legg vekt på personelege eigenskapar som:

  • Du er ein trygg, raus og tydeleg klasseleiar
  • Du tek initiativ til nye arbeidsmåtar
  • Du har fokus på elevane sine moglegheiter for læring
  • Du er fleksibel, omstillingsdyktig og finn løysningar
  • Du er strukturert og overheld tidsfristar
  • Du kommuniserer godt med kollegaer, elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar
  • Du tek ansvar og er profesjonell
  • Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og teamkultur
  • Systemretta utvikling av skulen med vekt på kollektiv kapasitet
  • Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Kontaktlærartillegg på 40 000 kr
  • Løn etter sentralt og lokalt lønnsystem
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ynskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.