Company
Sogndal kommuneApplication deadline
24.06.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6617615Look here for other jobs from Sogndal kommune
Sogndal kommune
Grunnskulelærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Fjærland oppvekstsenter ligg i jordbruks- og turistbygda Fjærland, mellom Sogndal og Skei i Jølster, langs hovudfartsåra mellom aust og vest. Det er ei aktiv bygd med mange lag og organisasjonar innan mange områder.
Oppvekstsenteret inneheld skule, SFO og barnehage, og ligg idyllisk til nær fjorden med stort skogsområde i nærleiken, i tillegg til idrettsbane og lysløype.
Skulen er fådelt, med elevar i 1. til 7. klasse, fordelt på småskule og mellomsteg. Skulen har eige symjebasseng, samt god tilgang på undervisningsrom. Kommande år vil det vere 11 elevar i skulen.
Med utgangspunkt i skulen sin storleik ligg forholda godt til rette for tett oppfølging av den einskilde elev. I tillegg til fokus på basisfaga arbeider vi med satsinga «Trygt- og godt skule- og barnehagemiljø».
Skuleåret 26/27 har vi ledig eit vikariat i inntil heil stilling som grunnskulelærar. Rolla som kontaktlærar ligg til stillinga.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle befolkninga me er til for. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne kan skje ved behov.
I følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
24.06.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6617615Look here for other jobs from Sogndal kommune