• Företag
    Rauma kommune
  • Ansökningstiden
    13.06.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    , Rauma
    RAUMA
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5757552
  • Se här för andra jobb från Rauma kommune
  • Uppdaterad 30.05.2024
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Rauma kommune

Grunnskolelærar 100% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Stilling
Åfarnes skole har ledig ei 100% fast stilling som grunnskolelærar frå og med 01.08.24.

Skildring av arbeidsstad

Åfarnes skole er ein 1-10 skole med 114 elevar, og ligg fint til med kort veg til fjell og sjø. Skolen arbeider målretta for eit godt og inkluderande læringsmiljø. Vi ønskjer at elevane skal oppleve meistring og få erfaringar og kunnskap dei kan med seg vidare i livet. Våre tilsette framstår som samarbeidsvillige, ekte og rause og vil ta deg godt imot.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning 1.-10.trinn (avhengig av kompetanse/erfaring)

Kvalifikasjonar

  • Grunnskolelærar 1-7 eller 5-10.
  • 30/60 stp i basisfaga norsk, matematikk eller engelsk.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk.

Det er ønskeleg med

  • Spesialpedagogisk kompetanse/erfaring.
  • Kompetanse i tysk.

Formelle krav til stillinga finst i forskrift til Opplæringslova. Anna pedagogisk utdanning med undervisningskompetanse kan bli vurdert. 

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å planleggje, arbeide strukturert og sjølvstendig.
  • Du har evne til å skape gode relasjonar til elevar , føresette og kollegaer.
  • Du jobbar godt i team, og er lojal til felles avgjerder.
  • Du har stor arbeidskapasitet, evne til å fokusere, og arbeide for eit godt læringsmiljø med fagleg utbytte for alle.
  • Du har erfaring med bruk av digitale verktøy i undervisninga, og tek i bruk skolen sine digitale moglegheiter og løysingar for å fremje elevane si læring.
  • Du tenkjer positivt, har godt humør og likar å jobbe med menneske i alle aldrar.
  • Du bidreg og stimulerer til utvikling av organisasjonen i sin heilskap.
  • Du er tydeleg og omgjengeleg i din kommunikasjon, både internt på skolen og eksternt ovanfor våre samarbeidspartnarar.

Vi tilbyr

  • Engasjerte kollegaer med god kompetanse
  • Framoverlente skoleleiarar som inspirerer og leier sitt personale i utviklinga av Raumaskolen.
  • Eit godt arbeidsmiljø basert på medverknad, engasjement, profesjonalitet og ansvarlegheit.

Tilsetjing
Tilsetjing skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning. Løn etter sentral Hovudtariffavtale ut frå kvalifikasjonar og ansiennitet. 

Politiattest
Den tilsette må leggje fram gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før tilsetjing. Jfr. Opplæringslova § 10-9 første og andre ledd, jf. politiregisterloven §39.  

Søknad 
Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing: Søkerveiledning - Rauma kommune eller personal@rauma.kommune.no. 
Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format. 

Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.

 

 

  • Företag
    Rauma kommune
  • Ansökningstiden
    13.06.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    , Rauma
    RAUMA
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5757552
  • Se här för andra jobb från Rauma kommune
  • Uppdaterad 30.05.2024