Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
14.08.2021Stillingsfunksjon
IngeniørAnsettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3975751Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 13.07.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
GIS-ingeniør VA
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Teknisk drift er Sunnfjord kommune si tenesteining for kommunaltekniske tenester. Eininga har i dag 28 tilsette servicemedarbeidarar, fagarbeidarar og ingeniørar. I tillegg til dagleg drift og vedlikehald av kommunalteknisk infrastruktur, deltek vi også i mange store og spennande utviklings- og utbyggingsprosjekt. Arbeidsdagen er prega av hektisk aktivitet i eit humørfylt arbeidsmiljø, med faglege og praktiske utfordringar og utviklingsmulegheiter.
Vi har følgande ledig stillingVi har behov for å styrke bemanninga innan oppmåling og utvikling av ledningskart, og søker difor etter ein VA-ingeniør til nyoppretta 100 % fast stilling.
Arbeidsoppgåver- arbeid med GIS for VA-oppdatering med kvalitetssikring og vedlikehald av kommunens VA-database, herunder oppmålingsoppgåver i felten før, under og ved ferdigstilling av prosjekt
- kontroll, kvalitetssikring og innlegging av kart- og oppmålingsdata (FDV dokumentasjon) som entreprenørar leverer ved overtaking
- arbeid med grunnlag for planar innanfor VA-sektoren
- levere beslutningsgrunnlag for ulike planprosessar for VA-sektoren (alle våre prosjektreservar)
- løpande GIS-oppgåver og kundestøtte, tilgjengeleggjering av stadfesta informasjon for interne og eksterne brukarar
- sørge for stabil drift og høg tilgjengelegheit for våre kartløysingar
- systemforvaltaroppgåver, knytt til GIS-programvaren i våre løysingar i samarbeid med våre leverandørar av kartsystem, (Norkart)
- bidra til effektivissering, nyutvikling av våre arbeidsprosesser og våre digitale tenester
- delta i fagforum, mellom andre fagforum innan GIS (typisk SYSIKT / areal og byggesak som døme)
- gje opplæring/brukarstøtte og rådgjeving innanfor etaten VA/VA felt. Informasjonshenting m.m. innanfor etatens GIS-system
- aktivt samarbeid med andre interne og eksterne utviklingsteam.
Du vil inngå i einingsleiar sin stab, saman med andre prosjektingeniørar. Utstrakt deltaking i eit tverrfagleg fagmiljø vil og være ein svært viktig del av stillinga. Andre oppgåver og funksjonar kan og bli lagt til stillinga ved endringar i organisasjonen.
Kvalifikasjonar- relevant høgare utdanning på høgskulenivå, fortrinnsvis innan geodata og GIS
- for søkarar med høg realkompetanse, kan utdanningskravet fråvikast
- gode datakunnskaper og erfaring med GIS-Line eller tilsvarande kartsystem er ønskeleg
- relevant erfaring frå offentlig verksemd er ønskeleg, men nyutdanna kandidatar oppfordrast til å søke
- krav om førerkort klasse B
- du har kjennskap til relevante lovverk innan faget
- det er ønskeleg med planfaglig kunnskap
- kunnskap om offentleg forvaltning er ein fordel
Vi søker etter deg som:
- likar utfordringar
- trivast med samhandel på tvers av organisatoriske grenser
- er kreativ, praktisk og løysningsorientert
- er ansvarsbevisst, initiativrik og målretta - ein pådrivar for kvalitet og resultatoppnåing
- er god til å kommunisere, skape tillit og bygge relasjonar både internt og eksternt
- er sjølvstendig, fleksibel og omgjengeleg
- har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, samt utgreiingserfaring
- god IKT – kompetanse
- evne til å arbeide i team, samt sjølvstendig
- gode lønns og arbeidsvilkår
- faglege utfordringar, der du har høve til å kunne utvikle deg vidare i spennande prosjekt saman med dyktige medarbeidarar
- aktivt fagnettverk
- godt sosialt miljø og arbeidsmiljø
- fokus på kompetanse- og personalutvikling
- lønn etter kvalifikasjonar, god pensjons- og forsikringsordning
Velkomen som søkar!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
14.08.2021Stillingsfunksjon
IngeniørAnsettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3975751Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 13.07.2021