• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    14.08.2021
  • Sted:
    FØRDE
  • Stillingsfunksjon:
    Ingeniør
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    FØRDE
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3975751
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune

GIS-ingeniør VA

Sunnfjord kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

Teknisk drift er Sunnfjord kommune si tenesteining for kommunaltekniske tenester. Eininga har i dag 28 tilsette servicemedarbeidarar, fagarbeidarar og ingeniørar. I tillegg til dagleg drift og vedlikehald av kommunalteknisk infrastruktur, deltek vi også i mange store og spennande utviklings- og utbyggingsprosjekt. Arbeidsdagen er prega av hektisk aktivitet i eit humørfylt arbeidsmiljø, med faglege og praktiske utfordringar og utviklingsmulegheiter.

Vi har følgande ledig stilling

Vi har behov for å styrke bemanninga innan oppmåling og utvikling av ledningskart, og søker difor etter ein VA-ingeniør til nyoppretta 100 % fast stilling. 

Arbeidsoppgåver
  • arbeid med GIS for VA-oppdatering med kvalitetssikring og vedlikehald av kommunens VA-database, herunder oppmålingsoppgåver i felten før, under og ved ferdigstilling av prosjekt
  • kontroll, kvalitetssikring og innlegging av kart- og oppmålingsdata (FDV dokumentasjon) som entreprenørar leverer ved overtaking
  • arbeid med grunnlag for planar innanfor VA-sektoren
  • levere beslutningsgrunnlag for ulike planprosessar for VA-sektoren (alle våre prosjektreservar)
  • løpande GIS-oppgåver og kundestøtte, tilgjengeleggjering av stadfesta informasjon for interne og eksterne brukarar
  • sørge for stabil drift og høg tilgjengelegheit for våre kartløysingar
  • systemforvaltaroppgåver, knytt til GIS-programvaren i våre løysingar i samarbeid med våre leverandørar av kartsystem, (Norkart)
  • bidra til effektivissering, nyutvikling av våre arbeidsprosesser og våre digitale tenester
  • delta i fagforum, mellom andre fagforum innan GIS (typisk SYSIKT / areal og byggesak som døme)
  • gje opplæring/brukarstøtte og rådgjeving innanfor etaten VA/VA felt. Informasjonshenting m.m. innanfor etatens GIS-system
  • aktivt samarbeid med andre interne og eksterne utviklingsteam.

Du vil inngå i einingsleiar sin stab, saman med andre prosjektingeniørar.  Utstrakt deltaking i eit tverrfagleg fagmiljø vil og være ein svært viktig del av stillinga. Andre oppgåver og funksjonar kan og bli lagt til stillinga ved endringar i organisasjonen.

Kvalifikasjonar
  • relevant høgare utdanning på høgskulenivå, fortrinnsvis innan geodata og GIS
  • for søkarar med høg realkompetanse, kan utdanningskravet fråvikast
  • gode datakunnskaper og erfaring med GIS-Line eller tilsvarande kartsystem er ønskeleg
  • relevant erfaring frå offentlig verksemd er ønskeleg, men nyutdanna kandidatar oppfordrast til å søke
  • krav om førerkort klasse B
  • du har kjennskap til relevante lovverk innan faget
  • det er ønskeleg med planfaglig kunnskap
  • kunnskap om offentleg forvaltning er ein fordel
Personlige eigenskapar

Vi søker etter deg som:

  • likar utfordringar
  • trivast med samhandel på tvers av organisatoriske grenser
  • er kreativ, praktisk og løysningsorientert
  • er ansvarsbevisst, initiativrik og målretta - ein pådrivar for kvalitet og resultatoppnåing
  • er god til å kommunisere, skape tillit og bygge relasjonar både internt og eksternt
  • er sjølvstendig, fleksibel og omgjengeleg
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, samt utgreiingserfaring
  • god IKT – kompetanse
  • evne til å arbeide i team, samt sjølvstendig
Vi tilbyr:
  • gode lønns og arbeidsvilkår
  • faglege utfordringar, der du har høve til å kunne utvikle deg vidare i spennande prosjekt saman med dyktige medarbeidarar
  • aktivt fagnettverk
  • godt sosialt miljø og arbeidsmiljø
  • fokus på kompetanse- og personalutvikling
  • lønn etter kvalifikasjonar, god pensjons- og forsikringsordning

 

Velkomen som søkar!

 
  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    14.08.2021
  • Sted:
    FØRDE
  • Stillingsfunksjon:
    Ingeniør
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    FØRDE
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3975751
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune