• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    31.12.2023
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5015832
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 22.02.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Generell søknad - Helse og omsorgssektoren

Offentlig forvaltning

Ønskjer du jobb i helse og omsorgssektoren og du har ein kompetanse me treng?

Trivs du med utfordrande, varierte, interessante arbeidsoppgåver og gode kollegaer? Har du lyst å vere med å vidareutvikle tenester med høg fagleg kvalitet med fokus tverrfagleg arbeid, brukarmedverknad, pårørandestøtte og gode meistringstilbod?

Du kan vise interesse for stillingar i helse og omsorgsektoren Ål kommune ved å levere ein open søknad, men som hovedregel blir alle stillinger lyst ut med eigen annonse.

Bu og jobbe i Ål

Helse- og omsorgssektoren i Ål er ein sektor for utvikling, vekst og trivsel. Du kan rekne med variert og spennande jobb - i eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. Dei fleste tenestene er samlokalisert saman med Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester.

Ål er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!

Her er bu- og levekostnadene rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengane på å realisere draumane dine; anten det er å vere meir ute, reise eller skape noko sjølv. I Ål ønskjer vi å legge til rette for at nytilflytta kjenner seg sett, møtt og inkludert. Meir informasjon finn du her.

I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3 månader ved tilsetting.

Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar". 

Følg med på våre utlysningar og send oss gjerne en elektronisk søknad om vi får ledige stillinger som er av interesse.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i såfall få varsel om.

Ta gjerne kontakt med oss. 

 

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    31.12.2023
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5015832
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 22.02.2023