Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
06.03.2021Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3490806Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
- Uppdaterad 17.02.2021
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Sunnfjord kommune
Fysioterapeut for barn og unge
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Eining fysio/ergoterapi har til saman 20 tilsette, fordelt mellom arbeidsstadar i Førde, Naustdal, Sande og Skei. Tenesta består av fysioterapeutar, ergoterapeutar og serviceteknikarar med ansvar for hjelpemiddel. Eininga har eit godt fagmiljø, med mange dyktige og engasjerte medarbeidarar.
Stillinga vil ha hovudkontorplass i Førde, men det vil også vere aktuelt med arbeidsoppgåve i andre delar av Sunnfjord kommune.
Vi har ledig følgange stilling:100 % fast stilling som Fysioterapeut barn og unge
Sunnfjord kommune har om lag 2,5 årsverk for fysioterapeutar med ansvar for barn og unge. Til denne stillinga ligg det ansvar for fysioterapioppfølging av barn og unge frå 0- 20 år, og det må påreknast arbeidsoppgåver knytt til meir enn ein arbeidsstad i kommunen.
Tenesta har eit nært samarbeid med dei andre kommunale fagområda som rettar seg mot barn og unge, og vi legg stor vekt på rettleiing i barnehage og skule, samt heilskapleg og tverrfagleg samhandling med dei andre tenestene som arbeider med barn og unge.
Arbeidsoppgåver:- individuell oppfølging og behandling av barn og unge, inkludert habiliteringsoppgåver
- førebyggande arbeid retta mot barnehage og skule
- rettleiing og samarbeid med andre faggrupper
- hjelpemiddelarbeid
- deltaking i ansvarsgrupper kring barn, inkludert det å vere koordinator
- autorisasjon som fysioterapeut
- førarkort klasse B
- gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg
- har god arbeidskapasitet, og har evne til å handtere ein hektisk kvardag med mange arbeidsoppgåver samtidig
- er interessert i og motivert for å jobbe med barn og unge
- er strukturert, og har evner til å kunne planlegge eigen arbeidskvardag
- har god kjennskap til bruk av IT-verktøy; i Sunnfjord kommune nyttar vi journalprogramma CGM/Winmed, CosDoc og ProMed
- er fagleg trygg, og er flink både til å samarbeide med andre og til å arbeide sjølvstendig
- har erfaring frå kommunehelsetenesta, men ikkje eit absolutt krav
- har relevant vidareutdanning/kurs frå feltet fysioterapi til barn og unge, men ikkje eit absolutt krav. Nyutdanna fysioterapeutar vert også oppfordra til å søke
- utfordrande, varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver
- samarbeid med mange engasjerte mennesker i kommunen
- lønn etter kommunal tariff
Du må søke elektronisk.
Velkommen som søkar!
Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
06.03.2021Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3490806Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
- Uppdaterad 17.02.2021