Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
23.10.2021Position function
FysioterapeutForm of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
4136316Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 05.10.2021
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sunnfjord kommune
Fysioterapeut
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Eininga fysio/ergoterapi i Sunnfjord kommune har 21 tilsette, fordelt mellom arbeidsstadene Førde, Naustdal, Sande og Skei. Tenesta består av fysioterapeutar, ergoterapeutar og serviceteknikarar med ansvar for hjelpemiddel. Eininga har eit godt fagmiljø, med mange dyktige og engasjerte medarbeidarar.
Vi har ledig:
100 % fast stilling for fysioterapeut
Denne stillinga er i hovudsak knytt til arbeid med vaksne og eldre, og er ein av tre fysioterapistillingar på dette området med utgangspunkt i arbeidsstad Sande. Det må påreknast at det også kan vere aktuelt med arbeidsoppgåver tilknytt andre arbeidsstader i eininga i Sunnfjord kommune.
Tenesta har eit nært samarbeid med dei andre kommunale fagområda som rettar seg mot vaksne og eldre, slik som legetenesta og pleie- og omsorgstenesta. Vi legg vekt på heilskapleg og tverrfagleg samhandling med dei andre tenestene.
Som fysioterapeut vil arbeidsoppgåvene dine i hovudsak vere:- individuell oppfølging av pasientar, hovudsakleg vaksne og eldre
- variert poliklinisk oppfølging av pasientar, hovudsakleg vaksne og eldre
- rettleiing og samarbeid med andre faggrupper
- hjelpemiddelarbeid
- autorisasjon som fysioterapeut
- førarkort klasse B
- gode norskkunnskapar, både skrifteleg og munnleg
Den som vert tilsett må kunne levere godkjend politiattest før oppstart i stillinga.
Du bør:- ha god arbeidskapasitet, og ha evne til å handtere ein hektisk kvardag med mange arbeidsoppgåver
- vere strukturert, og kunne planlegge eigen arbeidskvardag
- ha god kjennskap til bruk av IT-verktøy; i Sunnfjord kommune nyttar vi journalprogramma CosDoc og ProMed.
- vere fagleg trygg, og flink både til å samarbeide med andre og til å arbeide sjølvstendig
- ha erfaring frå kommunehelsetenesta
- ha kjennskap til hjelpemiddelformidling
- engasjerte kollegaer og leiarar
- faglege utfordingar
- kompetansetillegg for relevant tilleggsutdanning
- inkluderande og godt arbeidsmiljø
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglar og tariffavtalar
Du må oppgje referansar i søknaden.
Du må søke elektronisk.
Velkomen som søkar!
Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
23.10.2021Position function
FysioterapeutForm of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
4136316Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 05.10.2021