• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    05.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4632987
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 21.05.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Fysioterapeut -100% fast stilling ved avdeling Meistring

Offentlig forvaltning

Ønskjer du utfordrande, varierte, interessante arbeidsoppgåver og gode kollegaer?
Har du lyst å vere med å vidareutvikle tenester med høg fagleg kvalitet med fokus tverrfagleg arbeid, 
brukarmedverknad, pårørandestøtte og gode meistringstilbod?

Det er ledig fast stilling som fysioterapeut frå 01.08.2022.

 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsfeltet er sjølvstendig og utfordrande, krev gode samarbeidsevne, kreativitet og evne til å finne gode løysingar.

50 % av stillinga er knytt til korttidsavdeling på sjukeheim og skal dekke:

  • vurdering, behandling og utskriving av pasientar frå korttidsavdeling i tett samarbeid med lege, sjukepleiar og ergoterapeut.
  • gruppetrening, ADL trening og vurderingar.
  • vurdere behov for og formidle hjelpemiddel i samarbeid med ergoterapeut.
  • tilrettelegge for aktivitet for langtidsbebuarar og korttidspasientar

50 % av stillinga skal brukast til andre kommunale fysioterapioppgåver:

  • behandling av polikliniske pasientar.
  • diverse grupper som basseng og fallforebygging.
  • heimefysioterapi.

Kvalifikasjonar:

  • offentleg godkjend fysioterapeut
  • søkjarar må gjerne ha kompetanse innan fallforebygging og rehabilitering.
  • evne til sjølvstendig arbeid
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevnerl
  • fleksibel, kreativ og løysingsorientert

 Personlege eigenskapar vert tillagt vekt.

Me tilbyr
  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • høve til fagleg og personleg utvikling.
  • internundervisning og faglig påfyll.
  • hjelp til å skaffe bustad

Lønsvilkår

  • lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
  • pensjonsordning i KLP

Politiattest

Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling.

Send søknad

Du må sende elektronisk søknad. Velg " Send søknad" og fyll ut søknaden (du treng ikkje opprette nokon brukar i systemet fyrst). Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

 Om oss

Me er ei verksemd i utvikling og som ønskjer at våre innbyggjarar skal ha ei dør inn til våre tenester der me er på lag med brukaren om målretta tenester som hjelper den enkelte til å meistre kvardagen. Arbeidsoppgåver er varierte og mangfaldige der brukaren sjølv er delaktig i planlegging og utforming av tenestene sine.

Hjå oss er all ergo- og fysioterapiteneste i kommunen samla i ei avdeling. Me har 2 ergoterapeutar, heimevaktmeister, 7 fysioterapeuter, friskivskoordinator, koordinerande eining, oppsøkjande team, rehabiliteringsteam, dagsenter og psykisk helse og rus i avdelinga. Avdelinga har aktivt fagmiljø, breitt samarbeid med andre faginstansar og eit god arbeidsmiljø.

Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. 

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    05.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4632987
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 21.05.2022