• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    09.10.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4766534
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 15.09.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjaler kommune

Fysioterapeut 100 % fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Fjaler kommune har ledig 100 %  fast stilling som fysioterapeut. Fysio- og ergoterapitenesta held til i lokale ved Fjaler Helsetun. Hos oss jobbar det til vanleg tre fysioterapeutar, ein turnusfysioterapeut og ein ergoterapeut.

Den som blir tildelt stillinga vil få høve til å delta i eit samfunnsnyttig og ansvarsfullt arbeid med trygge støttespelarar. Vi har eit kjekt og fagleg utviklande arbeidsmiljø med høg grad av autonomi der både menn og kvinner har likt seg godt. 

Stillinga inneheld faste arbeidsoppgåver innan fysikalsk behandling/opptrening, både individuelt og i grupper og oppfølging av barn med habiliteringsbehov/barnefysioterapi. Arbeidsoppgåver innan  hjelpemiddelsaker, rehabilitering i institusjon, kvardagsrehabilitering og friskliv kan bli tilpassa stillinga ut frå behov, kompetanse og ledig kapasitet.

Vi ser etter ein person som har interesse for og gjerne erfaring innan habilitering/ barnefysioterapi og kurativ fysioterapi. Vi ønskjer oss nokon som likar å jobbe strukturert og målretta med mykje pasientkontakt gjennom arbeidsdagen og som har gode samarbeids/kommunikasjonsevner.

Utover direkte pasientretta arbeid gjennom behandling, trening og samhandling med brukarar individuelt og på gruppenivå, fokuserer tenesta på å få til gode samspel med andre faggrupper i kommunen, der det er naudsynt for å yte optimale tenester til våre brukarar. Vi har også ansvar for gjennomføring av frisklivstiltak i kommunen.

 

 Arbeidsoppgåver
  • Fysikalsk behandling/opptrening, både individuell kurativ fysioterapi og  gruppebehandling
  • Oppfølging av barn med habiliteringsbehov/barnefysioterapi/hjelpemiddelbehov
  • Andre hjelpemiddelsaker, rehabilitering i institusjon, kvardagsrehabilitering og friskliv kan bli tilpassa stillinga ut frå behov, kompetanse og kapasitet.
 Kvalifikasjonar
  • Godkjent 3 årig høgskuleutdanning innan fysioterapeut med godkjent autorisasjon
  • Førarkort kl. B
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest må framleggjast før tiltreding
 Personlege eigenskapar
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Er ansvarsbevisst og strukturert
  • God evne til samarbeid og kommunikasjon
  • Målretta 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.       

 Vi tilbyr
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Godt arbeidsmiljø
  • Erfarne støttespelarar i kollegiet
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Ytterlegare info om stillinga kan du få ved å kontakte fagleiar for fysioterapitenesta, Ivar Vårdal, tlf 57738118, eller leiar for helsetenestene, Heidi Roos, tlf 57738120

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    09.10.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4766534
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 15.09.2022