• Företag
    Alver kommune
  • Ansökningstiden
    14.12.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4233662
  • Se här för andra jobb från Alver kommune
  • Uppdaterad 22.11.2021
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Alver kommune

Fysioterapeut - 100% avtaleheimel

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om stillinga

Ledig avtaleheimel på 100% knytta til Nordhordland fysioterapi ANS.
Avtaleheimelen er ledig frå og med 01.03.2022, og tiltreding vil skje etter avtale. 

Om Norhordaland fysioterapi

Nordhordland fysioterapi ligg sentrumsnært i Knarvik som er regionsenteret i Alver. Instituttet har tilsaman 4 fysioterapeutar med avtaleheimel. Fråtredande fysioterapeut har spesialisering innan psykomotorisk fysioterapi, og det er ønskjeleg med ein vidareføring av denne kompetansen i Alver kommune. Dei tre andre fysioterapeutane har lang og brei erfaring innan allmenn fysioterapi.

Driftsform: ANS.

Kompetansekrav

  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut
  • Spesialisering innan psykomotorisk fysioterapi
  • Erfaring innan psykomotorisk fysioterapi 
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

 I tillegg ønskjer vi gjerne at du har

  • Kompetanse og erfaring innan psykomotorisk behandling av barn og unge
  • Kunnskap og erfaring innan behandling av menneske med traumelidingar

Vi søkjer etter fysioterapeut

  • som har praksiserfaring som privatpraktiserande fysioterapeut
  • som har evne og vilje til å bidra aktivt i drift og utvikling av praksisen 
  • som er fagleg oppdatert og engasjert
  • som er god på kommunikasjon og som samarbeida godt med kollega og med andre samarbeidspartar
  • som lett oppnår god pasientkontakt og som er trygg i rolla som terapeut
  • som bidreg i arbeidet med utvikling og kontinuerleg forbetring av fysioterapitenesta i kommunen
  • som er løysingsorientert, fleksibel og med godt humør

 

Personlege eigenskaper vert vektlagt ved tildeling av avtaleheimelen.

Fysioterapeuten skal drive praksisen sin i tråd med overordna mål og strategiar for helsetenesta i Alver kommune, helse- og omsorgstenestelova, det til ei kvar tid gjeldande avtaleverk for fysioterapeutar (ASA 4303 og ASA 4313) og evt. interne samarbeidsavtalar ved instituttet.

Tildeling av avtaleheimelen skjer i samsvar med ASA 4313. Tildeling av avtaleheimel er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova.

Politiattest

Det er krav til politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader. 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

 

  • Företag
    Alver kommune
  • Ansökningstiden
    14.12.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4233662
  • Se här för andra jobb från Alver kommune
  • Uppdaterad 22.11.2021