• Company
    Hå kommune
  • Application deadline
    10.12.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    4360, VARHAUG

    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6472460
  • Look here for other jobs from Hå kommune
Vacancy

Hå kommune

Frivilligkoordinator

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Hå kommune to frivilligsentralar – ein på Nærbø og ein på Olsvoll. No treng me frivilligkoordinator til sentralen i sør. Dei to sentralane skal saman jobba for samarbeid mellom innbyggjarar, frivillige lag og organisasjonar og kommunale tenester. Frivilligsentralane er organisert i Frivilligeininga og arbeider etter plan for frivillig arbeid.

Arbeidsområde
Koordinatoren legg til rette for frivillig aktivitet gjennom kontakt med innbyggarar, frivillige, organisasjonar og ulike einingar i kommunen. Koordinatoren er eit bindeledd og kontaktperson for frittståande frivillige og for representantar for frivillige organisasjonar. I tillegg er det oppgåver i knyt til dagleg drift av frivilligsentralen, diverse arrangement og aktivitetar. Andre oppgåver er rekruttering av frivillige, bistand i oppretting av frivillige aktivitetar og deltaking i større prosjekt.

Kvalifikasjonar – me ser etter ein person som er/har:

  • relasjonsbyggar – kunna samarbeida med frivillige, organisasjonar og kommunalt tilsette.
  • nettverk – har bredt nettverk i Hå kommune.
  • engasjert – i å byggja eit godt lokalsamfunn.
  • god til å samarbeida – med næraste kollega, kommunale tenester, innbyggjarar og organisasjonar.
  • kunnskap – om frivillig sektor og kommunen.
  • sjølvstendig – i arbeidsoppgåver og prosjekt.
  • fleksibel – i problemløysing og arbeidsoppgåver.
  • kreativ og initiativrik – sjå løysingar og moglegheiter.
  • evne og vilje - til å løysa praktiske oppgåver og situasjonar.
  • gode datakunnskapar.

Me vil legga stor vekt på personlege eigenskapar.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

 

  • Company
    Hå kommune
  • Application deadline
    10.12.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    4360, VARHAUG

    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6472460
  • Look here for other jobs from Hå kommune