• Företag
    Gulen kommune
  • Ansökningstiden
    02.04.2023
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4993455
  • Se här för andra jobb från Gulen kommune
  • Uppdaterad 16.03.2023
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Gulen kommune

Frivilligkoordinator (2. gongs utlysing)

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gulen frivilligsentral er organisert under eining Oppvekst og kultur, og har ledig 100% fast stilling som frivilligkoordinator frå 01.04.2023 eller tidlegare om mogleg. Frivilligkoordinatoren får ei sentral oppgåve i å vidareføre arbeidet til Gulen Frivilligsentral.

Gulen Frivilligsentral ynskjer å bidra i samordninga av det frivillige arbeidet i kommunen. Sentralen skal stimulere til frivillig innsats og bidra til å utvikle eit levande lokalmiljø kor folk møtast og tek medansvar i oppgåver som lokalsamfunnet treng løyse. Me ser etter ein frivilligkoordinator som kan vere ein pådrivar i dette arbeidet.

 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvarleg for drifta av Frivilligsentralen.
  • Inspirere til og koordinere frivillig innsats i lokalmiljøet.
  • Arbeide for å ha oppdatert oversikt over kva innbyggjarane i Gulen kommune treng av tilbod og ordningar som kan organiserast som frivillig innsats.
  • Samarbeide med kommunale avdelingar som leverer tenester til innbyggjarar i alle aldrar, som barnehage, skule, kultur, heimetenesta, sjukeheim m.m.
  • Rettleiie og hjelpe lag og organisasjonar i planlegging og organisering av aktivitetar.
  • Vere ein ressurs for dei som treng hjelp til å søkje tilskot frå offentlege eller private aktørar.
  • Organisere og vedlikehalde aktivitetskalendar på nett, oppdatere nettside, kommunisere via sosiale media og lage lister/oversikter.
  • Planlegge og organisere utlånsbase med fritidsutstyr.
  • Andre arbeidsoppgåver kan kome til. 

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning kan vere ein fordel
  • Kunne arbeide sjølvstendig og ta ansvar for drifta av frivilligsentralen
  • Vere flink med folk og ha god kommunikasjon med menneske i alle aldrar
  • Snakke og skrive godt norsk
  • Ha god brukarkompetanse på data
  • Kunne setje deg inn i reglar og prosedyrar for ulike tilskotsordningar, skrive søknadar og rettleie andre i å søkje
  • Ha førarkort klasse B

 

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • Brenn ekstra for frivillig arbeid og ser verdien dette har i lokalsamfunnet
  • Møter andre på ein respektfull og open måte
  • Er serviceinnstilt, engasjert, kreativ og løysingsorientert
  • Er samarbeidsorientert, initiativrik og sjølvstendig
  • Har positiv tilnærming til arbeidsoppgåvene.

Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

 

Anna

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk 
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skular og i barnehagar, vert det stilt krav om politiattest
  • Me gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunner for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

 

Me tilbyr

  • Ei sentral rolle i kommunen sin organisasjon, med spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i ein kommune med engasjerte innbyggjarar og tilsette
  • Gode fagmiljø innan eit mangfald av fagområde
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Løn etter tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
 

  • Företag
    Gulen kommune
  • Ansökningstiden
    02.04.2023
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4993455
  • Se här för andra jobb från Gulen kommune
  • Uppdaterad 16.03.2023