Company
Gulen kommuneApplication deadline
02.04.2023Industry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4993455Look here for other jobs from Gulen kommune
- Updated 16.03.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Gulen kommune
Frivilligkoordinator (2. gongs utlysing)
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Gulen frivilligsentral er organisert under eining Oppvekst og kultur, og har ledig 100% fast stilling som frivilligkoordinator frå 01.04.2023 eller tidlegare om mogleg. Frivilligkoordinatoren får ei sentral oppgåve i å vidareføre arbeidet til Gulen Frivilligsentral.
Gulen Frivilligsentral ynskjer å bidra i samordninga av det frivillige arbeidet i kommunen. Sentralen skal stimulere til frivillig innsats og bidra til å utvikle eit levande lokalmiljø kor folk møtast og tek medansvar i oppgåver som lokalsamfunnet treng løyse. Me ser etter ein frivilligkoordinator som kan vere ein pådrivar i dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver
- Ansvarleg for drifta av Frivilligsentralen.
- Inspirere til og koordinere frivillig innsats i lokalmiljøet.
- Arbeide for å ha oppdatert oversikt over kva innbyggjarane i Gulen kommune treng av tilbod og ordningar som kan organiserast som frivillig innsats.
- Samarbeide med kommunale avdelingar som leverer tenester til innbyggjarar i alle aldrar, som barnehage, skule, kultur, heimetenesta, sjukeheim m.m.
- Rettleiie og hjelpe lag og organisasjonar i planlegging og organisering av aktivitetar.
- Vere ein ressurs for dei som treng hjelp til å søkje tilskot frå offentlege eller private aktørar.
- Organisere og vedlikehalde aktivitetskalendar på nett, oppdatere nettside, kommunisere via sosiale media og lage lister/oversikter.
- Planlegge og organisere utlånsbase med fritidsutstyr.
- Andre arbeidsoppgåver kan kome til.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning kan vere ein fordel
- Kunne arbeide sjølvstendig og ta ansvar for drifta av frivilligsentralen
- Vere flink med folk og ha god kommunikasjon med menneske i alle aldrar
- Snakke og skrive godt norsk
- Ha god brukarkompetanse på data
- Kunne setje deg inn i reglar og prosedyrar for ulike tilskotsordningar, skrive søknadar og rettleie andre i å søkje
- Ha førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- Brenn ekstra for frivillig arbeid og ser verdien dette har i lokalsamfunnet
- Møter andre på ein respektfull og open måte
- Er serviceinnstilt, engasjert, kreativ og løysingsorientert
- Er samarbeidsorientert, initiativrik og sjølvstendig
- Har positiv tilnærming til arbeidsoppgåvene.
Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skular og i barnehagar, vert det stilt krav om politiattest
- Me gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunner for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Me tilbyr
- Ei sentral rolle i kommunen sin organisasjon, med spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i ein kommune med engasjerte innbyggjarar og tilsette
- Gode fagmiljø innan eit mangfald av fagområde
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Company
Gulen kommuneApplication deadline
02.04.2023Industry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4993455Look here for other jobs from Gulen kommune
- Updated 16.03.2023