• Company
    Aukra kommune
  • Application deadline
    01.12.2025
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Fixed contract
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6455056
  • Look here for other jobs from Aukra kommune
Vacancy

Aukra kommune

Fritidslos

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du gjere ein forskjell for ungdom i Aukra? Vi søkjer Fritidslos i 50% til eit engasjement på 1 år.


Om stillinga
Aukra kommune lyser ut ei spennande og meiningsfull stilling som Fritidslos. Vi ser etter deg som vil bidra til å styrke ungdom si tilknyting til samfunnet og fremje livskvalitet gjennom tett oppfølging og gode relasjonar. Stillinga kan med fordel kombinerast med stilling som miljøarbeidar, sjå eiga utlysing.

Fritidslosen arbeider førebyggande og tiltaksretta med ungdom i alderen 15–18+ år som står i fare for å hamne i utanforskap. Dette kan vere ungdom som har utfordringar med å delta i skole, arbeidsliv eller fritidsaktivitetar.

Gjennom fleksibel tilnærming og relasjonsbygging skal fritidslosen vere ein trygg vaksenperson som møter ungdom på deira arenaer. Arbeidet skjer i tett samarbeid med familie, skole, oppfølgingstenesta, NAV og andre hjelpetenester – med mål om å skape heilskaplege og koordinerte tiltak rundt ungdommen.

Stillinga er organisert under kulturavdelinga og inngår i teamet saman med kommunen sine ungdomslosar.

 

Arbeidsoppgåver

  • Vere tilgjengeleg og til stades på ungdommen sine arenaer
  • Identifisere og følgje opp utsette ungdom i samarbeid med relevante tenester, etter BTI-modellen (Betre Tverrfagleg Innsats)
  • Bidra til å finne tiltak som fremjar trivsel, meistring og deltaking
  • Vere ein støttespelar og trygg relasjon for ungdommen
  • Styrke det tverrfaglege samarbeidet på tvers av tenesteområda
  • Ved behov og når det er til ungdommen sitt beste, ta koordinatorrolle i tverrfagleg arbeid

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgskule-/universitetsutdanning innan helse- og sosialfag, pedagogikk eller anna relevant fagområde
  • Erfaring frå arbeid med ungdom og deira familiar
  • Gode relasjonsferdigheiter og personleg eignaheit vil bli vektlagt
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og fleksibelt
  • Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner
  • Førarkort klasse B og tilgang til bil

 

Vi tilbyr

  • Ei meiningsfull rolle der du får bidra til å gjere ein forskjell
  • Eit engasjert fagmiljø med fokus på samarbeid og utvikling
  • Varierte arbeidsdagar og høve til å påverke innhald og metode
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Kommunale tilsetjingsvilkår og løn etter tariff
  • Stønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
  • Flyttegodtgjersle etter lokalt reglement
  • Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

 

Er du den vi ser etter?
Send oss ein søknad der du fortel kvifor du vil bli fritidslos i Aukra kommune. Vi ser fram til å høyre frå deg!

 

Søkarliste
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling".

Søknadsfrist: 01.12.2025

Kontaktperson
Anne Jorunn Sandøy, Kultursjef, tlf: 71171500, mobil: 95907055, anne.jorunn.sandoy@aukra.kommune.no

 

 

 

  • Company
    Aukra kommune
  • Application deadline
    01.12.2025
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Fixed contract
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6455056
  • Look here for other jobs from Aukra kommune