• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    01.12.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6455054
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
Ledig stilling

Aukra kommune

Miljøarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Bli med og skap dei gode møteplassane for ungdom i Aukra! Vi har ledige stillingar som miljøarbeidar, 2 x 30 % stilling. 

Stillinga kan med fordel kombinerast med stilling som fritidslos, sjå eiga utlysing.

 

Om stillinga – Miljøarbeidar

Er du den som får ting til å skje, som trivst blant ungdom og likar å bygge gode relasjonar? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Vi søkjer ein initiativrik, kreativ og engasjert miljøarbeidar som vil vere med å skape trygge, inkluderande og kjekke møteplassar for ungdom – både på Julsundet og Gossen.

Vi ønskjer å gi ungdommane i Aukra ein plass der dei kjenner at dei høyrer til – der latter, fellesskap og meistring står i sentrum. No treng vi ein person som kan vere med å vidareutvikle desse arenaene, og bidra til ein levande og inkluderande ungdomskultur.

Du blir ein del av eit engasjert team som jobbar for å gi ungdommane i Aukra noko å gle seg til – kvar veke. Det blir ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du møter ungdom, planlegg aktivitetar, legg til rette for trivsel – og rett og slett er ein viktig vaksen som ser, høyrer og heiar på ungdommane.

 

Arbeidsoppgåver

  • Skape og vidareutvikle opne og inkluderande møteplassar for ungdom
  • Planlegge og gjennomføre ungdomsklubbkveldar og «Etter skoletid»
  • Samarbeide tett med ungdom, foreldre, frivillige lag og kommunale tenester
  • Vere med å lage årshjul og halvårsplanar – saman med ungdommen sjølv!

 

Vi ser etter deg som:

  • Vi søker deg som har relevant utdanning på høgskolenivå. Erfaring og personleg eignaheit kan kompensere for dette.
  • Er kreativ, initiativrik og god til å finne på aktivitetar ungdom har lyst til å vere med på
  • Har interesse for gaming, e-sport eller digital skaparglede
  • Har god digital kompetanse og sans for å nå ungdom gjennom sosiale medium
  • Er tydeleg, trygg og ein god rollemodell
  • Har eit oppriktig ønske om å bidra til fellesskap og inkludering

 

Vi tilbyr:
• Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
• Kommunale tilsetjingsvilkår og løn etter tariff
• Stønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
• Flyttegodtgjersle etter lokalt reglement
• Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader.
• Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.

Særskilte krav
• Krav om politiattest

Prøvetid
• Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

Søkarliste
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"

Søknadsfrist: 01.12.2025

Kontaktperson
Anne Jorunn Sandøy, Kultursjef, tlf: 71171500, mobil: 95907055, anne.jorunn.sandoy@aukra.kommune.no

 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    01.12.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6455054
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune