Company
Øygarden kommuneApplication deadline
31.12.2022Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4759776Look here for other jobs from Øygarden kommune
- Updated 27.09.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Øygarden kommune
Fritidskontakt/ støttekontakt - Helse og velferd
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Øygarden kommune har behov for fleire fritidskontaktar (støttekontaktar) i Helse og velferd som kan bidra til at andre får moglegheit til ei meir aktiv og sosial fritid.
Er du ein person som trivast i samspel med andre og ønskjer å utgjere ein skilnad for nokon? Send gjerne ein søknad eller ta kontakt for ein uforpliktande samtale.
Arbeidsoppgåver:
Leggje til rette for at den du er fritidskontakt for får ei meiningsfull fritid med gode opplevingar. Innhald og omfang vil variere ut ifrå ulike typar oppdrag og behov. Eit oppdrag vil vanlegvis omfatte 3-4 timar per veke.
Kvalifikasjonar:
- Personlege eigenskapar vert vektlagd, det er ikkje krav til utdanning og erfaring
- Du må vere over 18 år
- Førarkort og tilgang på bil er ein fordel
- Du må ha gode munnlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar:
- Vere sosialt engasjert, ha evne til å sette i gang aktivitetar og finne glede i å hjelpe andre
- Vere ein god rollemodell, vere trygg på seg sjølv og ha evne til å samarbeide og motivere
- Ansvarsbevisst: det er viktig å halde avtalar og vere påliteleg
- Ha fokus på meistring og brukarmedverknad
- Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
Vi tilbyr:
- Ein kontaktperson i Helse og velferd som har ansvar for rettleiing og oppfølging.Rettleiing er viktig både for eigen trivsel og følelse av å meistre oppdraget, men også i høve til kvalitet og forsvarlegheit i tilbodet til tenestemottakar.
- Løn etter gjeldande satsar, pr 01.05.21 er timesatsen kr 183,28.
- Utgiftsdekning: dokumenterte utgifter vert dekka inntil beløp spesifisert i oppdragsavtalen
- Køyregodtgjersle: Som fritidskontakt kan du skrive køyring under oppdrag. Dette vert dekka etter statens regulativ inntil totale km spesifisert i oppdragsavtalen.
Anna:
- Teieplikt – Inneber at du ikkje skal la utanforståande få kjennskap til personlege forhald rundt den du er fritidskontakt for
- Politiattest - Det vert kravd politiattest for personar som skal yte helse- og omsorgstenester (jf. lov om kommunale helse og omsorgstjenester § 5 - 4).
Du vil få ei tilbakemelding på søknaden, og eventuelt bli kalla inn til ein samtale. Blir du godkjent som fritidskontakt kontaktar vi deg når kommunen har eit oppdrag som passer.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
31.12.2022Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4759776Look here for other jobs from Øygarden kommune
- Updated 27.09.2022