Ledigt jobb

Øygarden kommune

Fritidskontakt/ avlastar- Helse og velferd

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune har behov for fleire fritidskontaktar (støttekontaktar) i Helse og velferd som kan bidra til at andre får moglegheit til ei meir aktiv og sosial fritid. Øygarden kommune har også behov for private avlastare som kan bidra med å gi familiar eit pusterom i kvardagen.


Er du ein person som trivast i samspel med andre og ønskjer å utgjere ein skilnad for nokon? Send gjerne ein søknad eller ta kontakt for ein uforpliktande samtale.


Arbeidsoppgåver:
Leggje til rette for at den du er fritidskontakt for får ei meiningsfull fritid med gode opplevingar. Innhald og omfang vil variere ut ifrå ulike typar oppdrag og behov. Eit oppdrag vil vanlegvis omfatte 3-4 timar per veke. Avlastning varierer ut i frå omfang og behov, avlastning kan innebere nokre døgn i månaden eller på timebasis.

 Avlastar søkes til blid og aktiv gutt

Eg er ein gut på snart 8 år med barneautisme. Eg er blid, aktiv og full av humor. Eg har stor interesse for musikk, dyr, haier og dinosaurer. Eg likar å springe og er veldig glad i leik, både inne og ute. Eg treng nokon som kan vere med meg 16 timar i månaden.
Du kan ta meg med på aktivitetar ute eller heime, og bidra til meistring i kvardagen. Eg har eit godt vokabular, men brukar ikkje alltid språket mitt for å formidle behov og ønskjer. Det er viktig at du har tolmodigheit, at du er tydeleg og forståing for sensoriske utfordringar.
Det er viktig at du er ein trygg og engasjert vaksen som er glad i aktivitet og kan skape gode opplevingar. Som avlastar blir du ein viktig støtte både for meg og familien min.
 

Avlastar 2 døgn til gutt på 5 år

Eg er ein nysgjerrig og aktiv gut som snart er 6 år. Eg har lite språk, men kan peike og vise deg kva eg vil. Eg er aktiv, og likar å springe, gå tur og vere ute. Eg synes det er veldig spennande å sjå på ting og utforske. Eg har vanskar med å forstå kva som kan vere farleg for meg og difor treng eg nokon som kan hjelpe meg med dette. Eg treng at nokon er med meg heile tida, då eg kan fort bli distrahert og eg synes det er vanskeleg med å konsentrere meg om ein aktivitet over lengre tid. Eg synes høye lydar kan vere skummelt. Eg likar fart og spenning, men synes også det er godt å sjå på TV og slappe av.

 Aktiv og sosial gut på 8 år søkjar eventyrlysten følgesven

Eg er ein glad og energisk gut på 8 år. Eg elskar å vere aktiv og sosial, og eg treng ein vaksen som kan vere min følgesven på spennande eventyr. Eg ser etter nokon som kan bli med meg til stader som Leos leikeland, Rush trampolinepark, Vilvite senter, og på turar i naturen. Vi kan dra på eventyr for eksempel på ein laurdag eller søndag (7 timar) og ein ettermiddag midt i veka (4 timar) annakvar månad.

Kva gjer det gøy å være med meg? Eg har ein unik autisme diagnose som gjer meg til den eg er. Eg trivest best når eg har ein plan å forholda meg til, så du vil alltid vite kva som skal skje. Eg har også diabetes, så du vil få grundig opplæring i korleis du kan hjelpe meg med å handtere det, som for eksempel når eg skal ha druesukker og når eg skal ha insulin.

Eg er god til å kommunisere og vil forstå kva du meiner viss du forklarer. Du vil alltid vite kva eg ønskjer og treng. Etter kvart som vi blir kjent, vil du oppdage at mitt favorittord er "bestevenn".

Eg er snill, nysgjerrig og elskar å vere på farten. Eg treng nokon som kan passe på meg fordi eg ikkje alltid ser fare slik som vaksne gjer. Om du synes dette høres interessant ut, kom gjerne innom og hels på meg.  Mor mi kan gje deg  den informasjonen du treng for å bli min trygge og pålitelege følgesvenn . Ser frem til å møta deg!

 Nysgjerrig og sosial jente 7 år:

Eg er ei sosial, aktiv og nysgjerrig jente på 7 år som har Downs syndrom. Eg treng ein trygg heim som eg kan komme på besøk til ei helg i månaden. Då har eg og foreldra mine lyst til at eg skal få oppleve kjekke ting som akvariet, Leos leikeland, bading osv, men og ha tid til å roe ned og kose oss heime. Eg likar fart og moro, vere saman med både vaksne og born. Eg er glad i dans og musikk og synes det er kjekt med hobbyaktivitetar, som til døme modellerkitt. Eg likar godt å vere med på ting, men kan bli overvelda av for mykje inntrykk og då treng eg hjelp med å avslutte aktiviteten. Det kan vere vanskeleg for meg å regulere kjensler om det vert for mange inntrykk og då treng eg at du er kring meg. Det er viktig at du har et godt fang når eg treng en pause og ekstra oppmerksamheit. Eg nyttar teikn til tale, men kan forstå det meste som blir sagt. Eg likar og å slappe av framfor TV og eg søv godt om natta. Det hadde vore kjekt viss familien eg skal vere hos har andre born, kanskje litt eldre enn meg og som har forståing for at alle menneske er unik på kvar sin måte!


Kvalifikasjonar for stillinga :

  • Personlege eigenskapar vert vektlagd, det er ikkje krav til utdanning og erfaring
  • Du må vere over 18 år
  • Førarkort og tilgang på bil er ein fordel
  • Du må ha gode munnlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar:

  • Vere sosialt engasjert, ha evne til å sette i gang aktivitetar og finne glede i å hjelpe andre
  • Vere ein god rollemodell, vere trygg på seg sjølv og ha evne til å samarbeide og motivere
  • Ansvarsbevisst: det er viktig å halde avtalar og vere påliteleg
  • Ha fokus på meistring og brukarmedverknad
  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter

Vi tilbyr:

  • Ein kontaktperson i Helse og velferd som har ansvar for rettleiing og oppfølging.Rettleiing er viktig både for eigen trivsel og følelse av å meistre oppdraget, men også i høve til kvalitet og forsvarlegheit i tilbodet til tenestemottakar.

Løn:

  • Døgn 107 kr per time ,Timeavlastning og fritidskontakt er 223.95 per time 
  • Utgiftsdekning: dokumenterte utgifter vert dekka inntil beløp spesifisert i oppdragsavtalen
  • Køyregodtgjersle: Som fritidskontakt kan du skrive køyring under oppdrag. Dette vert dekka etter statens regulativ inntil totale km spesifisert i oppdragsavtalen.

Anna:

  • Teieplikt – Inneber at du ikkje skal la utanforståande få kjennskap til personlege forhald rundt den du er fritidskontakt for
  • Politiattest - Det vert kravd politiattest for personar som skal yte helse- og omsorgstenester (jf. lov om kommunale helse og omsorgstjenester § 5 - 4).

Du vil få ei tilbakemelding på søknaden, og eventuelt bli kalla inn til ein samtale. Blir du godkjent som fritidskontakt kontaktar vi deg når kommunen har eit oppdrag som passer.

Kontakt

Camilla Pedersen Camilla.Pedersen@oygarden.kommune.no

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.