• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    02.05.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3730821
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
  • Uppdaterad 14.04.2021
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Sogndal kommune

Førstekonsulent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Det er ledig 100% vikariat, 1 år, som førstekonsulent frå 01.05.21 med moglegheit for fast tilsetjing på eit seinare tidspunkt.

 

Stillingsinformasjon

Stillinga ligg til eininga administrasjon og innovasjon, i avdeling for innbyggjartenester. Arbeidsstad: Leikanger.

 

I stillinga som førstekonsulent vil det vere arbeid knytt til politisk handsaming, utarbeide sakslister og protokollar, formidle politiske vedtak og leggje til rette for papirlaus saksflyt mellom dei enkelte einingane. Den tilsette vil jobbe tett med rådmann og kommunalsjefar - og med ordførar/politisk leiing.

Oppgåvene og ansvarsområdet vert i fyrste rekkje regulert av kommunelov, forvaltningslov, offentleglov, vallov, forskrifter med heimel i nemnde lover og reglement for politisk organisering med meir.

 

Arbeidsoppgåver

· Vere møtesekretær i kommunestyret, formannskapet og for råd og utval

· Koordinere og planleggje politiske møter

· Sakshandsaming av ulike saker – skriva og førebu saker på bestilling frå rådmann ordførar

· Planlegge og gjennomføre val og folkeavrøystingar i eit større team

· Kunngjeringar, arbeid med høyringsuttalar med meir

· Andre oppgåver etter organisasjonen sine behov

 

Kvalifikasjonar:

Formalkompetanse:

Relevant høgskule- eller universitetsutdanning på minimum bachelorgradsnivå. Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.

Realkompetanse:

Det er ynskjeleg med erfaring innan offentleg administrasjon, men dette er ikkje eit krav. Stillinga passar godt til deg som er nyutdanna og som ynskjer å opparbeide erfaring innan offentleg administrasjon – opplæring vil bli gitt.

 

Personlege eigenskapar:

· Like utfordringar, og vere fleksibel i ein hektisk kvardag

· Vere resultatorientert og målretta

· Evne til å arbeide sjølvstendig, men på same tid ha gode samarbeidsevner

· Vere positiv og engasjert

· Arbeide nøyaktig, strukturert og effektivt

· Ha gode IKT kunnskapar

· Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg

· Bidra til eit godt arbeidsmiljø

· Skilja politikk og administrasjon, høge krav til integritet

· Analytisk (sakshandsaming)

· Vere tydeleg

 

Me tilbyr

· Eit godt miljø med utfordrande oppgåver, gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vere med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst.

· Gode pensjons- og forsikringsordningar.

· Gode velferdsordningar.

· Fleksible arbeidstidsordningar.

· Løn etter avtale.

 

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggja arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kun søknader sendt via EasyCruit vert tekne i betraktning.

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    02.05.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3730821
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
  • Uppdaterad 14.04.2021