• Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    15.09.2023
  • Anställningsform
    Engagemang
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5340478
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
  • Uppdaterad 13.09.2023
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Ål Kommune

Flyktningkonsulent / miljøarbeidar

Offentlig forvaltning

Ål introsenter har ledig ei 100% stilling som flyktningkonsulent/miljøarbeidar. Stillinga er mellombels, med foreløpig tilsetting i åtte månadar. Oppstart snarast mogleg/etter avtale.

Har du motivasjon og engasjement for å bidra til at flyktningar raskast mogleg vert sjølvstendige og aktive medborgarar som finn seg til rette i lokalsamfunnet vårt? Ønsker du spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde?
Då kan dette vere jobben for deg. Vi søker ein trygg og engasjert medarbeidar som vil vere med å vidareutvikle arbeidet med busetting, etablering, kvalifisering og inkludering av flyktningar i kommunen vår.
I 2022 vart det busett 90 flyktningar i Ål kommune. I 2023 skal det busettast 50 flyktningar. Ål introsenter held til på Ål kulturhus og er organisert i oppvekstsektoren.

Arbeidsoppgåver

  • praktiske og administrative oppgåver ved busetting og etablering av flyktningar
  • tett oppfølging og rettleiing av familiar etter busetting, blant anna knytt til kvardagsliv i eit nytt land og hjelp med praktiske oppgåver
  • gjennomføring av introduksjonsprogram, blant anna temaundervisning
  • oppfølging av språkpraksisplassar
  • samarbeid med andre tenester i kommunen
  • andre aktuelle oppgåver

Noko arbeid på ettermiddags-/kveldstid og i skuleferiane må påreknast.

Kvalifikasjonar

  • relevant utdanning
  • erfaring med og interesse for arbeid med menneske frå ulike kulturar. Relevant erfaring kan kompensere for kravet om utdanning
  • god kjennskap til samfunnsliv, utdanningssystem og arbeidsliv
  • bør ha førarkort og disponere bil
  • det er ein fordel med språkkunnskapar i ukrainsk/russisk, men det er ikkje eit krav.

Vi ønskjer oss ein medarbeidar som

  • har engasjement for faget og brukargruppa
  • er positiv, fleksibel og løysningsorientert
  • kan jobbe sjølvstendig
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  •  har evne til å motivere menneske i ulike livssituasjonar og møte dei med respekt
  • kan sette grenser i krevjande situasjonar
  • personlege eigenskapar vert vektlagd

Me kan tilby

  • spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • eit hyggeleg og engasjert arbeidsmiljø
  • fleksibel arbeidstid
  • lønn etter avtale
  • pensjonsordning i KLP

Send søknad
Vitnemål og attester legg du inn saman med søknaden. 
Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

 

 

  • Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    15.09.2023
  • Anställningsform
    Engagemang
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5340478
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
  • Uppdaterad 13.09.2023