Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
15.09.2023Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5340478Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 13.09.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Ål Kommune
Flyktningkonsulent / miljøarbeidar
Offentlig forvaltning
Ål introsenter har ledig ei 100% stilling som flyktningkonsulent/miljøarbeidar. Stillinga er mellombels, med foreløpig tilsetting i åtte månadar. Oppstart snarast mogleg/etter avtale.
Har du motivasjon og engasjement for å bidra til at flyktningar raskast mogleg vert sjølvstendige og aktive medborgarar som finn seg til rette i lokalsamfunnet vårt? Ønsker du spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde?
Då kan dette vere jobben for deg. Vi søker ein trygg og engasjert medarbeidar som vil vere med å vidareutvikle arbeidet med busetting, etablering, kvalifisering og inkludering av flyktningar i kommunen vår.
I 2022 vart det busett 90 flyktningar i Ål kommune. I 2023 skal det busettast 50 flyktningar. Ål introsenter held til på Ål kulturhus og er organisert i oppvekstsektoren.
Arbeidsoppgåver
- praktiske og administrative oppgåver ved busetting og etablering av flyktningar
- tett oppfølging og rettleiing av familiar etter busetting, blant anna knytt til kvardagsliv i eit nytt land og hjelp med praktiske oppgåver
- gjennomføring av introduksjonsprogram, blant anna temaundervisning
- oppfølging av språkpraksisplassar
- samarbeid med andre tenester i kommunen
- andre aktuelle oppgåver
Noko arbeid på ettermiddags-/kveldstid og i skuleferiane må påreknast.
Kvalifikasjonar
- relevant utdanning
- erfaring med og interesse for arbeid med menneske frå ulike kulturar. Relevant erfaring kan kompensere for kravet om utdanning
- god kjennskap til samfunnsliv, utdanningssystem og arbeidsliv
- bør ha førarkort og disponere bil
- det er ein fordel med språkkunnskapar i ukrainsk/russisk, men det er ikkje eit krav.
Vi ønskjer oss ein medarbeidar som
- har engasjement for faget og brukargruppa
- er positiv, fleksibel og løysningsorientert
- kan jobbe sjølvstendig
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- har evne til å motivere menneske i ulike livssituasjonar og møte dei med respekt
- kan sette grenser i krevjande situasjonar
- personlege eigenskapar vert vektlagd
Me kan tilby
- spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- eit hyggeleg og engasjert arbeidsmiljø
- fleksibel arbeidstid
- lønn etter avtale
- pensjonsordning i KLP
Send søknad
Vitnemål og attester legg du inn saman med søknaden.
Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
15.09.2023Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5340478Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 13.09.2023