Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
31.03.2025Ansettelsesform
EngasjementBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6020887Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
Surnadal kommune
Ferievikarar i Helse- og omsorgstenestene i Surnadal kommune
Brannvesen
Har du lyst på ein spanande og meiningsfull feriejobb, der du får vere med i utviklinga av gode tenester og gje hjelp av god kvalitet til innbyggarane våre?
Søk på feriearbeid i Helse- og omsorgstenestene i Surnadal kommune!
Vi skal tilsette ferievikarar i :
- Heimetenesta
- Ved Surnadal sjukeheim (alle avdelingar samt kjøkken og vaskeri)
- Bu- og aktivitetstenesta
- Ved Surnadal legesenter (hjelpepersonell)
Vi bed om at du i søknaden prioriterer mellom avdelingane og skriv kor du kan tenkje deg å arbeide.
Vi treng vikarar i juni, juli og august. Vi vil gjerne at du skriv i søknaden kor mykje og kor lenge du kan arbeide (samanhengande) i denne perioden.
Aktuell kompetanse/kvalifikasjonar:
Sjukepleiar, sjukepleiestudent, vernepleiar, vernepleiestudent, hjelpepleiar, helsefagarbeidar, omsorgsarbeidar, assistent.
Anna helse- og sosialfagleg utdanning eller studiar kan også vere aktuelt.
Legestudentar er velkomne som søkarar.
For arbeid i Heimetenesta og Bu- og aktivitetstenesta er det ein fordel å ha førarkort kl.B.
Det er krav om tilfredsstillande politiattest. Denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Vi ser etter deg som er engasjert i arbeidet og har evne til å samarbeide med andre, samtidig som som du er i stand til å arbeide sjølvstendig. Med tanke på nødvendig dokumentasjon av arbeidsprosessar er det også viktig å vere stødig i norsk skriftleg.
Vi tilbyr:
- opplæring og rettleiing
- kommunale tilsettingsvilkår og tarifflønn
- studentavlønning for høgskulegrupper med relevant studie for arbeidsoppgåvene
Ta gjerne kontakt med desse kontaktpersonane for ein prat, dersom det er noko du lurar på!
Surnadal sjukeheim: Jenny Nordheim (einingsleiar) tlf 48209641, Merete Lie tlf 93210735, Rita Svorken tlf 90035756, Kristin Ulvund tlf 41591401, Jahn Gunnar Fosseide (kjøkken og vaskeri) tlf 48174827
Bu- og aktivitetstenesta: Rakel Polden
Surnadal legesenter: Ann-Elin Stenberg
Heimetenesta: Elin Betten (einingsleiar) tlf 95800140, Maybrit Hakstad tlf 90674844.
Annett Ranes tlf 92338986
Besøk Surnadal kommune på Facebook: https://www.facebook.com/surnadalkommune
Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
31.03.2025Ansettelsesform
EngasjementBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6020887Se her for andre jobber fra Surnadal kommune