Vacancy

Surnadal kommune

Ferievikarar i Helse- og omsorgstenestene i Surnadal kommune

Brannvesen

Har du lyst på ein spanande og meiningsfull feriejobb, der du får vere med i utviklinga av gode tenester og gje hjelp av god kvalitet til innbyggarane våre?

Søk på feriearbeid i Helse- og omsorgstenestene i Surnadal kommune!

 Vi skal tilsette ferievikarar i :

  • Heimetenesta
  • Ved Surnadal sjukeheim (alle avdelingar samt kjøkken og vaskeri)
  • Bu- og aktivitetstenesta
  • Ved Surnadal legesenter (hjelpepersonell)

Vi bed om at du i søknaden prioriterer mellom avdelingane og skriv kor du kan tenkje deg å arbeide.

Vi treng vikarar i juni, juli og august. Vi vil gjerne at du skriv i søknaden kor mykje og kor lenge du kan arbeide (samanhengande) i denne perioden.

Aktuell kompetanse/kvalifikasjonar:

Sjukepleiar, sjukepleiestudent, vernepleiar, vernepleiestudent, hjelpepleiar, helsefagarbeidar, omsorgsarbeidar, assistent.

Anna helse- og sosialfagleg utdanning eller studiar kan også vere aktuelt.

Legestudentar er velkomne som søkarar.

For arbeid i Heimetenesta og Bu- og aktivitetstenesta er det ein fordel å ha førarkort kl.B.

Det er krav om tilfredsstillande politiattest. Denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Vi ser etter deg som er engasjert i arbeidet og har evne til å samarbeide med andre, samtidig som som du er i stand til å arbeide sjølvstendig. Med tanke på nødvendig dokumentasjon av arbeidsprosessar er det også viktig å vere stødig i norsk skriftleg.

 Vi tilbyr:

- opplæring og rettleiing

- kommunale tilsettingsvilkår og tarifflønn

- studentavlønning for høgskulegrupper med relevant studie for arbeidsoppgåvene

 

Ta gjerne kontakt med desse kontaktpersonane for ein prat, dersom det er noko du lurar på!

Surnadal sjukeheim: Jenny Nordheim (einingsleiar) tlf 48209641, Merete Lie tlf 93210735, Rita Svorken tlf 90035756, Kristin Ulvund tlf 41591401, Jahn Gunnar Fosseide (kjøkken og vaskeri) tlf 48174827

Bu- og aktivitetstenesta: Rakel Polden

Surnadal legesenter: Ann-Elin Stenberg

Heimetenesta: Elin Betten (einingsleiar) tlf 95800140, Maybrit Hakstad tlf 90674844.

Annett Ranes tlf 92338986

 

Besøk Surnadal kommune på Facebook: https://www.facebook.com/surnadalkommune