Företag
Sula kommuneAnsökningstiden
30.04.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6474668Se här för andra jobb från Sula kommune
Sula kommune
Ferievikarar 2026 - Helse og meistring
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Bli med oss sommaren 2026 og skap minner for livet både for deg sjølv og dei du hjelper!
Vi søker deg som vil lære meir om helse- og omsorgsyrket og som vil være ein del av eit team som gjer ein forskjel for andre. Våre avdelingar har flinke og engasjerte fagfolk. Vi er innovative, det blir nytta velferdsteknologi og vi har nyleg innført Helseplattformen.
Vi vil gjere vårt beste for at du både skal få utvikle deg og trivast på vakt. Det kan vere hektisk og utfordrande, men også veldig lærerikt.
Vi treng ferievikarar ifrå starten av juni og ut august. Vi søker sjukepleiarstudentar, sjukepleiarar, vernepleiarstudentar, vernepleierar, miljøterapeutar, studentar og skuleelevar. Dei ulike avdelingane har ulike arbeidstidsløysingar.
Det er anledning til langvakter i dei fleste avdelingar, nokre inntil 14 timar.
Skriv gjerne i kva avdeling du ynskjer å jobbe. Vi behandlar søknadar fortløpande
Kvalifikasjoner:
Vi ønskjer primært personar med utdanning innan helse- og sosial, studentar, elevar eller erfaring
motivasjon/ interesser for slikt arbeid.
Legg ved attest og vitnemål i søknaden.
Krav om politiattest i alle avdelingane.
Oppgi i søknaden kva for ei avdeling du vil arbeide i.
Krav om førarkort for enkelte stillingar. Oppgi om du har førarkort.
Personlige egenskaper:
Du er påliteleg, positivt innstilt og har gode haldningar i samhandling med andre.Du har gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig.
Du ønskjer å gi eit godt tilbod til pasientane våre og til å bidra i arbeidsmiljøet.
Datakunnskap og god norskkunnskap både skriftleg og munnleg er ein føresetnad.
Vi tilbyr:
Moglegheit til fagleg vekst der du får god opplæringFagmiljø med dyktige og støttande kollega og ein meiningsfull jobb.
Gunstige bonusordningar om du arbeider minimum 6 veker samanhengande.
Tilpassa turnus/turnusordning.
Lønn etter tariff
Sjukepleiar- og vernepleiarstudentar får ekstra lønnstillegg.
Moglegheit for vidare fast arbeid på helg som kan utløyse stipendordning og påvirke lønnsansiennitet.
Gratis parkering.
Vi ønsker deg velkomen som søkar til ein kjekk sommar i Sula kommune!
Har du spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt.
Företag
Sula kommuneAnsökningstiden
30.04.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6474668Se här för andra jobb från Sula kommune
-
Helge- og tilkallingsvikar
Sula kommune
LANGEVÅG -
Generell Søknad - tilkallingsvikar i Helse- og omsorgsektoren
Ål Kommune
ÅL -
Tilkallingsvikarar og helgevikarar innan helse og omsorg
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Sjukepleiar/vernepleiar 75-100% fast
Øygarden kommune
STRAUME -
Ringevikarar , Fjell sjukeheim
Øygarden kommune
Straume