• Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    15.02.2024
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5489443
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
  • Updated 20.01.2024
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Sogndal kommune

Ferievikar - Sjukeheim (omsorgsbustad) - Sogndal (Prestahagen)

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Prestahagen er ein omsorgsbustad til personar med demens og heimebuande eldre med døgnkontinuerleg drift. Bustaden ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal der både heimetenesta, sjukeheimen, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Dette gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen.

 

Me søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte ferievikarar for sommaren 2024 til Prestahagen i Sogndal.

Arbeidsperioden vil vere i tida 17.06.2024 - 18.08.2024 med moglegheit for tilkallingsvikar utover hausten. Opplys i søknaden perioden du kan jobbe i sommar, søkjarar som kan jobbe store delar av sommaren vert prioritert.

Studentar og elevar innanfor helserelaterte fag vert oppmoda om å søkje.

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg pleie og omsorg av eldre i omsorgsbustad
  • Legge til rette for miljøtiltak
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet

Kvalifikasjonar:

  • ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • vere fylt, eller fylle 18 år i 2024

Personlege eigenskapar:

  • evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre.
  • oppteken av å yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag.
  • Imøtekommande

Spesielle vilkår for stillinga:

Dei som vert tilsett må leggje fram:

  • Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato.
  • Politiattest av ny dato.

 Me tilbyr:

  • Ein variert og god arbeidsplass der god service er priorotert. 
  • Løn etter tariff jf. HTA.
  • Tilrettelagt turnus
  • Bistand med å skaffe bustad

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    15.02.2024
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5489443
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
  • Updated 20.01.2024