Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
28.02.2023Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Balestrand
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4974649Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 13.02.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Ferievikar - avd Seljetunet
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Psykisk helse- og rustenesta, avdeling Seljetunet treng ferievikarar i veke 25-33. Avdelinga treng og tilkallingsvikar heile året.
Avdelinga ligg i Balestrand, og er bemanna dag og kveld. Avdelinga nyttar langvakter. Ein har tilgang til personalleiligheit og kan overnatte kostnadsfritt.
Tilsetting vil skje fortløpande.
Arbeidsoppgåver og ansvar:
- Målretta miljøarbeid
- Praktisk bistand i daglege oppgåver
- Medikamenthandtering.
- Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk
Kvalifikasjonar:
- 3-årig helse- og sosialfag
- Helsefagarbeidar
- Studentar innan helse- og sosialfag
- Gode norsk kunnskapar
- Politiattest av nyare dato ved tilsetting
- Ynskjeleg at søkjar har erfaring frå liknande arbeid
Personlege eigenskapar:
- Evne til å arbeide målretta, strukturert, fleksibelt og sjølvstendig.
- Har god relasjonskompetanse
- Er fleksibel og reflektert, og kan takle uforutsette situasjonar
- Gode samarbeidsevner og samstundes vere audmjuk for andre sin kompetanse og erfaringar
- Personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagd.
Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til rammer og kontinuitet. Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere krevjande situasjonar. Dette i godt samarbeid med brukarar, og kollegaer internt og eksternt.
Som tilsett vert det forventa at du har evne til å setje deg inn i, og handle ut ifrå, brukar sine samansette behov og at du bidreg til trivsel og godt miljø.
Me tilbyr:
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling og under oppbygging.
- Samarbeid med faglege dyktige medarbeidarar.
- Eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Lønn etter tariffavtale
- Ein kan overnatte (gratis) i personalbustad.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
28.02.2023Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Balestrand
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4974649Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 13.02.2023