Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
10.04.2023Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Leikanger
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4974641Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 17.03.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Ferievikar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Leikanger sjukeheim og heimeteneste er lokalisert i same bygg. Sjukeheimen inneheld 4 avdelingar, langtids, kortids, skjerma eining for personar med demens og ei avdeling for demens/psykiatri. Inne på kortidsavdelinga har ein og eit palliativt rom. Sjukeheimen og heimetenesta ligg i tilknyting til legekontoret, helsestasjon og fysioterapi/ergoterapi noko som gir moglegheit for eit godt samarbeid.
Om stillinga
Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte ferievikarar for sommaren 2023 til sjukeheimen, heimetenesta og kjøkkenet på Leikanger.
Arbeidsperioden vil vere i tida 19.06.2023 - 13.08.2023 med moglegheit for tilkallingsvikar utover hausten. Opplys i søknaden perioden du kan jobbe.
Studentar og elevar innanfor helserelaterte fag vert oppmoda om å søkje.
Arbeidsoppgåver:
- Helsehjelp til eldre på sjukeheim, bebuare i heimetenesta og omsorgsbustad
- Oppfølging av ernæring
- For kjøkken; tilberede mat, utlevering av mat, ivareta hygiene og kjøkkenrelaterte oppgåver
Kvalifikasjonar:
- ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- vere fylt 18 år (for søkjare til kjøkken/postassistent vil yngre verte vurdert)
- Førarkort for dei som skal jobbe i heimetenesta
Personlege eigenskapar:
- evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre.
- oppteken av å yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag.
- Imøtekommande
Spesielle vilkår for stillinga:
Dei som vert tilsett må leggje fram:
- Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato.
- Politiattest av ny dato.
Me tilbyr:
- Ein variert og god arbeidsplass der god service er ein sjølvfølgje.
- Løn etter tariff jf. HTA.
- Bistand til å skaffe bustad
Dersom du skal søkje på fleire stillingar må du sende ein søknad pr. stilling.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
10.04.2023Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Leikanger
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4974641Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 17.03.2023