Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
10.04.2023Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Sogndal
SOGNDAL
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
4974629Se här för andra jobb från Sogndal kommune
- Uppdaterad 17.03.2023
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Sogndal kommune
Ferievikar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sogndal helse og omsorgssenter er ein ny og moderne sjukeheim i sentrum av Sogndal. Sjukeheimen har ei langtidsavdeling og ei korttidsavdeling med 2 KAD plassar i avdeling. Sjukeheimen ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, dagsenter, omsorgsbustadar, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen.
Om stillinga
Me søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte ferievikarar for sommaren 2023 til kortids- og langtidsavdelinga på Sogndal helse- og omsorgssenter.
Arbeidsperioden vil vere i tida 19.06.2023 - 13.08.2023 med moglegheit for tilkallingsvikar utover hausten. Opplys i søknaden perioden du kan jobbe.
Studentar og elevar innanfor helserelaterte fag vert oppmoda om å søkje.
Tilsetting vil skje fortløpande.
Arbeidsoppgåver:
- Helsehjelp til eldre på sjukeheim
- Oppfølging av ernæring
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet
Kvalifikasjonar:
- ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- vere fylt 18 år (for søkjare til kjøkken/postassistent vil yngre verte vurdert
Personlege eigenskapar:
- evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre.
- oppteken av å yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag.
- Imøtekommande
Spesielle vilkår for stillinga:
Dei som vert tilsett må leggje fram:
- Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato.
- Politiattest av ny dato.
Me tilbyr:
- Ein variert og god arbeidsplass der god service er ein sjølvfølgje.
- Løn etter tariff jf. HTA.
- Moglegheit for langvakter
- Bistand til å skaffe bustad
Dersom du skal søkje på fleire stillingar må du sende ein søknad pr. stilling.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
10.04.2023Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Sogndal
SOGNDAL
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
4974629Se här för andra jobb från Sogndal kommune
- Uppdaterad 17.03.2023