Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Sogndal kommune

Ferievikar 2023 - Heimetenesta avd. Sogndal

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me søkjer motiverte, faglege engasjerte, sjølvstendige og interesserte ferievikarar for sommaren 2023 til heimetenesta og heimehjelp avdeling Sogndal. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Yte god og trygg helsehjelp til bebuarar i heimetenesta og omsorgsbustad.
  • Kvardagsrehabilitering
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag

Arbeidsperioden vil vera tida 19.06 2023 – 13.08.2023

Søkjarar som kan jobbe heile perioden vert prioriterte.

Oppmodar verne- og sjukpleiar studentar til å søke

Tilsetting vil skje fortløpande. 

 

Ber om at følgjande vert oppgitt i søknaden:

  • Kva område (heimetenesta eller heimehjelp) du ønskjer å jobbe med.
  • Perioden du kan jobbe

 

Kvalifikasjonar:

  • Fylt 18 år, førarkort klasse B
  • Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

 

Personlege eigenskapar:

  • Løysningsorientert
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i eit team
  • Skape tillit og aksept
  • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt.

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Løn etter tariff
  • Bistand til å skaffe bustad

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.