• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    07.03.2021
  • Anställningsform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3493915
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
  • Uppdaterad 18.02.2021
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Sogndal kommune

Ferievikar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om stillinga

Bu- og miljøtenesta sone Stedje søkjer ferievikarer til sommeren 2021. Avdelinga i Sogndal yt døgnkontinuerleg teneste til personar med psykisk utviklingshemming. Ønsker du ein lærerik og givande sommar, bør du søkje hjå oss!

Arbeidsperioden vil vere i tida 14.06.2021 - 16.08.2021.

 

Arbeidsoppgåver:

· Dagleg omsorg og miljøarbeid til den einskilde brukar.

· Praktisk bistand, nødvendig helsehjelp, opplæring og sosial trening.

· Hovudarena for tenesteutførelsen er i brukar sin heim eller der brukar ferdast.

· Tredelt turnus med arbeid kvar tredje kvar helg og anna kvar helg. Muligheit for å gå heil nattevaktstilling.

Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til vekst og utvikling. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere krevjande situasjonar. Dette i godt samarbeid med brukar, pårørande og kollegaer internt og eksternt.

 

Kvalifikasjonar:

· Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

· vere fylt 18 år

· oppmodar verne- og sjukepleiar studentar til å søkje.

 

Personlege eigenskapar:

· Evne til å arbeide sjølvstendig og jobbe veldig tett på brukar.

· Vera fleksibel,

· Løysningsorientert

· Påliteleg.

 

Me tilbyr:

· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

 

Dei som vert tilsett må leggje fram:

-Tuberkolose/MSRA-skjema og politiattest av ny dato

 

Andre opplysninger:

Alle søkjarar må skrive mobilnummer i feltet « Telefon/Mobil privat» i den elektroniske søknaden.

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    07.03.2021
  • Anställningsform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3493915
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
  • Uppdaterad 18.02.2021