• Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    10.04.2023
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Balestrand
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4974639
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
  • Updated 17.03.2023
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Sogndal kommune

Ferievikar 2023 – sjukeheim, heimetenesta, vaskeri og kjøkken avd. Balestrand

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Balestrand helsetun består av tre små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining. I tilknyting til helsetunet ligg både heimetenesta, legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen. Helsetunet har eige kjøken som lager god heimelaga mat. Helsetunet har og eige vaskeri og ligg vakkert til i sentrum av Balestrand omgitt av fjord og fjell.

 

Om stillinga

Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte ferievikarar for sommaren 2023 til helsetunet, heimetenesta, vaskeri og kjøkkenet i Balestrand.

Arbeidsperioden vil vere i tida 19.06.2023 - 13.08.2023 med moglegheit for tilkallingsvikar utover hausten. Opplys i søknaden; perioden du kan jobbe og kor du ynskjer å jobbe.

Studentar og elevar innanfor helserelaterte fag vert oppmoda om å søkje.

Tilsetting vil skje fortløpande. 

Arbeidsoppgåver:

  • Helsehjelp til eldre på sjukeheim, bebuare i heimetenesta og omsorgsbustad
  • Heimehjelpsoppgåver
  • Oppfølging av ernæring
  • For kjøkken; tilberede mat, utlevering av mat, ivareta hygiene og kjøkkenrelaterte oppgåver
  • For vaskeri; vask av pasient – og personaltøy. Reinhald

 

Kvalifikasjonar:

  • ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • vere fylt 18 år (for søkjare til kjøkken/postassistent vil yngre verte vurdert)
  • Førarkort for dei som skal jobbe i heimetenesta

 

Personlege eigenskapar:

  • evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre.
  • oppteken av å yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag.

 

Spesielle vilkår for stillinga:
Dei som vert tilsett må leggje fram:

  • Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato.
  • Politiattest av ny dato.

 

Me tilbyr:

  • Ein variert og god arbeidsplass der god service er ein sjølvfølgje.
  • Løn etter tariff jf. HTA.
  • Moglegheit for langvakter

Dersom du skal søkje på fleire stillingar må du sende ein søknad pr. stilling.

 

M ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

 

  • Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    10.04.2023
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Balestrand
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4974639
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
  • Updated 17.03.2023