Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
28.06.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6649894Se her for andre jobber fra Gol kommune
Gol kommune
Felles systemansvarleg elektronisk pasientjournal – prosjektstilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi søkjer deg som har stort engasjement for helsesektoren og teknologi, og som ønskjer å ta ei aktiv rolle i innføringa av ny elektronisk pasientjournal (EPJ) innan pleie og omsorg i Hallingdal. Vi har nyleg gått til anskaffing av nytt system, og treng i ein overgangsperiode ein ekstra ressurs som kan bidra i førebuingane og sjølve implementeringa av den nye løysinga.
Systemansvaret inneber tett samarbeid med kommunane i overgangen til ny løysing. Rolla skal bidra til at vi når ambisjonen vår om meir einsarta arbeidsmåtar på tvers av kommunane, og sikre ei heilskapleg og føremålstenleg bruk av EPJ-løysinga.
Du vil delta i prosjekt- og arbeidsgrupper, og bidra i arbeidet med korleis løysinga skal setjast opp og nyttast i praksis. Rolla inneber òg ei koordinerande funksjon i samhandlinga mellom kommunane, fagmiljøa og leverandør, samt bidra til å etablere gode strukturar for vidare samarbeid etter at løysinga er teken i bruk. Stillinga vil ha særleg fokus på å utnytte moglegheitene i den nye teknologien og tilpasse rutinar for heile Hallingdal i tråd med dette.
Stillinga er ein del av avdelinga Digitale Hallingdal, som jobbar saman med kommunane i digitaliseringsprosessar og porteføljeforvalting. Du vil rapportere til verksemdsleiar i Digitale Hallingdal, som òg er prosjektansvarleg. Avdelinga er ein del av IKT Hallingdal, som leverer IT-tenester til dei seks kommunane i regionen.
Vi ser etter deg som har erfaring med kontinuerleg forbetring av digitale løysingar og arbeidsprosessar, gjennom tett samarbeid med brukarar, leiarar, leverandørar og fagpersonar. Du forstår samspelet mellom teknologi, prosess og forvalting, og trivst med varierte arbeidsoppgåver. Du har høg arbeidskapasitet og eit tydeleg leveransefokus.
Arbeidsoppgåver
- Delta i innføringsprosjektet i Hallingdal og vere ein aktiv bidragsytar i prosjektgruppa
- Sikre gode prosessar på tvers av kommunane slik at vi får mest mogleg ut av det nye systemet, og nyttar det etter intensjonen
- Bidra til felles arbeidsmåtar og god bruk av løysinga på tvers av kommunane
- Vere til stades i tenestene ved behov for å sikre god dialog og forståing for behova, og bidra til gode løysingar
- Vere eit bindeledd mellom prosjektgruppe, lokale systemansvarlege, tenestene og leverandør i spørsmål om systemadministrasjon
- Følgje rutinar for personvern og informasjonstryggleik
Kvalifikasjonar
- Relevant høgskule- eller universitetsutdanning
- Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
Vi ønskjer at du er
- Framoverlent – ser moglegheiter, kjem med innspel til forbetring og tek ansvar
- Strukturert og med godt oversyn
- Erfaren, gjerne med overførbar kompetanse frå andre stillingar
- Ein person med god kjennskap til helsesektoren
- Sjølvstendig, men som òg trivst med å jobbe i team og er ein tydeleg lagspelar
- Løysingsorientert, analytisk og metodisk
- Interessert i teknologi, særleg innan helse
- Oppteken av tenesteutvikling og digitalisering
Det vil bli lagt vekt på personleg eignaheit, og at du har evna til å skape gode relasjonar og samarbeid med andre.
Sjølv om erfaring er viktig, er det først og fremst kven du er som person som tel. Ikkje ver redd for å søkje – sjølv om du ikkje oppfyller alle krava.
Vi tilbyr
- Konkurransedyktige lønsvilkår og moderne arbeidsformer
- Ein travel og spennande arbeidskvardag, med gode moglegheiter til å påverke utviklinga både i samarbeidet og i regionen
- Eit fagmiljø med høg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø
Søknad
Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
Trykk på den grøne knappen øvst til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje opprette brukar på førehand).
Godkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med dersom du blir kalla inn til intervju. Ansiennitet blir berekna på grunnlag av desse.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken, føresett at rett e-postadresse er oppgitt i søknaden.
Søknadsfrist: 28.06.2026
Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
28.06.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6649894Se her for andre jobber fra Gol kommune
-
Økonomirådgjevar
Surnadal kommune
SURNADAL -
Avdelingsleiar 100% fast
Øygarden kommune
RONG -
Vi leitar etter ein dyktig og engasjert IKT-konsulent til servicesenteret hos IKT Hallingdal!
Gol kommune
GOL -
Generell søknad - tilkallingsvikar i Helse- og omsorgsektoren
Ål Kommune
ÅL -
ISM internrevisor - vi ser etter fleire nøkkelpersonar til vårt ISM-revisorteam
Fjord1 ASA
FLORØ