• Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    22.09.2021
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5357, FJELL
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4085939
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
  • Updated 08.09.2021
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Øygarden kommune

Feiarsvein 100% fast - Øygarden brann og redning KF

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden brann og redning KF (ØBR) er eit kommunalt føretak. Føretaket har eiga styre som rapporterar direkte til kommunestyret. ØBR er inndelt i ei administrasjonsavdeling, beredskapsavdeling og førebyggjande avdeling. Hovudbrannstasjonen ligg på Ågotnes. Her held også førebyggjande avdeling til. Føretaket har om lag 70 heil- og deltidstilsette.

Branntryggleiken til innbyggjarane våre er vårt fokusområde, uansett om dei er heime, på jobb, på skulen eller i butikken. Å arbeide ved førebyggjande avdeling er å vere med på målretta innsats for å betre branntryggleiken og gje ein tryggare kvardag for innbyggjarane i Øygarden kommune. Dette gjer vi gjennom tilsyn, haldningsskapande arbeid og andre brannførebyggjande tiltak. Vi ønskjer medarbeidarar som ønskjer å utgjere ein forskjell og har tru på at det alltid er mogleg å skape forbetring.

Om avdelinga:
Øygarden brann og redning KF – førebyggjande avdeling har 9 medarbeidarar fordelt på to seksjonar. Seksjon for HMS tilsyn og opplæring, og seksjon for feiing og tilsyn. I tillegg kjem avdelingsleiaren og ev. lærlingar. Avdelinga driv eit aktivt brannførebyggjande arbeid for og i
samarbeid med kommunen.

Arbeidsoppgåver:
• Feiing og tilsyn med fyringsanlegg, hovudsakleg i bustader og fritidsbustader
• Utføre oppgåver innan offentleg forvaltning/sakshandsaming
• Brannførebyggjande informasjonsarbeid
• Svare på faglege spørsmål frå innbyggjare på telefon og e-post

Stillinga rapporterer til seksjonsleiar ved seksjon for feiing og tilsyn

Kvalifikasjonar:

Må ha:
• Sveinebrev som feiar/brannførebyggjar eller vere villig til å ta slik utdanning etter tilsetting i stillinga
• Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner i norsk
• Førarkort minst klasse B

Ønskjeleg med:
• Sveinebrev som feiar/brannførebyggjar
• Erfaring i bruk av DM brann
• Båtførarbevis

Personlege eigenskapar:
• Evne til å kommunisere og bygge tillitsfulle relasjonar
• Evne til å planlegge, prioritere og evaluere eiga arbeid
• Evne til å tileigne seg ny kunnskap
• Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
• Positiv, initiativrik og sørvisinnstilt

Anna:
• Den som vert tilsett må kunne legge fram politiattest

Vi tilbyr:
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• IA-bedrift
• Eit aktivt fagmiljø
• Eit triveleg arbeidsmiljø
• Fleksitidsordning
• 2 timer trening i arbeidstida pr. veke
• Treningsrom på arbeidsplassen
• Løn etter avtale

 

  • Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    22.09.2021
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5357, FJELL
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4085939
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
  • Updated 08.09.2021