Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
04.03.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4997994Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 23.02.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sunnfjord kommune
Feiar/brannførebyggar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Eininga Brann og redning har 14 heiltidstilsette, derav 5 feiarar. Eininga har 6 brannstasjonar med til saman 80 deltidstilsette brannkonstablar og hovudbrannstasjonen i Førde har dagkasernering. Vi har eit breitt spekter av oppgåver som skapar ein svært spennande og variert arbeidskvardag
Vi har ledig:- 100 % fast stilling som feiar/brannførebyggar
Arbeidsområde vert dagleg utføring av teneste knytt til brannførebygging og vurdering av risikoreduserende tiltak, feiing og tilsyn med skorsteinar og eldstader, samt tilsyn av særskilde brannobjekt. I tillegg til andre oppgåver etter brann- og feiarvesenet sine lovpålagde oppgåver og behov.
Arbeidsoppgåver:- gjennomføre feiing og tilsyn av fyringsanlegg
- bruk av IT-systemet KomTek
- sakshandsaming etter gjennomført feiing og tilsyn
- delta i informasjonsarbeid internt og eksternt
- fagbrev som feiar
- førarkort kl. B
Det er ønskeleg med kjennskap til risikobasert feiing. Vi legg vekt på at søkar har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Har du anna relevant fagbrev, eller er ufaglært, kan du og søke. Du vil då forplikte deg til å ta fagbrev som feiar (praksiskandidat/vaksenlærling) med tilhøyrande teorieksamen.
Personlege eigenskapar:- du må vere pliktoppfyllande og oppteken av kvalitet under utføring av arbeidsoppgåvene
- du evnar å arbeide både sjølvstendig og i team
- vere ein omdømmebyggar for faget og kommunen som tenesteleverandør
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr:- engasjerte kollegaer og leiarar
- løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglar og tariffavtalar
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Kvinner vert oppmoda om å søke for å få ei jamnare kjønnsfordeling. Politiattest av nyare dato vert krevd før start i stilling.
Sunnfjord kommune nyttar elektronisk søknadsprosess, og du må søke elektronisk.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
04.03.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4997994Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 23.02.2023