• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    04.03.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4997994
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 23.02.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Feiar/brannførebyggar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Eininga Brann og redning har 14 heiltidstilsette, derav 5 feiarar. Eininga har 6 brannstasjonar med til saman 80 deltidstilsette brannkonstablar og hovudbrannstasjonen i Førde har dagkasernering. Vi har eit breitt spekter av oppgåver som skapar ein svært spennande og variert arbeidskvardag

Vi har ledig:
  • 100 % fast stilling som feiar/brannførebyggar

Arbeidsområde vert dagleg utføring av teneste knytt til brannførebygging og vurdering av risikoreduserende tiltak, feiing og tilsyn med skorsteinar og eldstader, samt tilsyn av særskilde brannobjekt. I tillegg til andre oppgåver etter brann- og feiarvesenet sine lovpålagde oppgåver og behov. 

Arbeidsoppgåver:
  • gjennomføre feiing og tilsyn av fyringsanlegg
  • bruk av IT-systemet KomTek
  • sakshandsaming etter gjennomført feiing og tilsyn
  • delta i informasjonsarbeid internt og eksternt
Ønska utdanning:
  • fagbrev som feiar
  • førarkort kl. B

Det er ønskeleg med kjennskap til risikobasert feiing. Vi legg vekt på at søkar har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Har du anna relevant fagbrev, eller er ufaglært, kan du og søke. Du vil då forplikte deg til å ta fagbrev som feiar (praksiskandidat/vaksenlærling) med tilhøyrande teorieksamen. 

Personlege eigenskapar:
  • du må vere pliktoppfyllande og oppteken av kvalitet under utføring av arbeidsoppgåvene
  • du  evnar å arbeide både sjølvstendig og i team
  • vere ein omdømmebyggar for faget og kommunen som tenesteleverandør

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr:
  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglar og tariffavtalar
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Kvinner vert oppmoda om å søke for å få ei jamnare kjønnsfordeling. Politiattest av nyare dato vert krevd før start i stilling.

Sunnfjord kommune nyttar elektronisk søknadsprosess, og du må søke elektronisk.

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

 

 

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    04.03.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4997994
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 23.02.2023