• Company
    Sunnfjord kommune
  • Application deadline
    17.08.2022
  • Position function
    Brannkonstabel
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4694011
  • Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
  • Updated 07.07.2022
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Sunnfjord kommune

Feiar/ tilsynsinspektør

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Eininga Brann og redning har 14 heiltidstilsette, derav 5 feiarar. Eininga har 6 brannstasjonar med til saman 80 deltidstilsette brannkonstablar og hovudbrannstasjonen i Førde har dagkasernering. Vi har eit breitt spekter av oppgåver som skapar ein svært spennande og variert arbeidskvardag

Vi har ledig:
  • 75 % fast stilling som feiar/tilsynsinspektør.

Arbeidsområde vert dagleg utføring av teneste knytta til brannførebygging og vurdering av risikoreduserende tiltak, feiing og tilsyn med skorsteinar og eldstader, samt tilsyn av særskilde brannobjekt. I tillegg til andre oppgåver etter brann- og feiarvesenet sine lovpålagde oppgåver og behov. 

Arbeidsoppgåver:
  • gjennomføre feiing og tilsyn av fyringsanlegg
  • bruk av IT-systemet KomTek
  • gjennomføre tilsyn av særskilde brannobjekt
  • sakshandsaming etter gjennomført feiing og tilsy
  • delta i informasjonsarbeid internt og eksternt
Krav til utdanning:
  • fagbrev som feiar
  • Norges brannskole, førebyggande kurs
  • førarkort

Det er ønskeleg med kjennskap til risikobasert feiing.

Ved tilsetting av søkar som ikkje tilfredsstiller kvalifikasjonskravet til førebyggande kurs, må den tilsette forplikte seg til å gjennomføre nødvendig opplæring etter tilsetting

Personlege eigenskapar:
  • du må vere pliktoppfyllande og oppteken av kvalitet under utføring av arbeidsoppgåvene
  • du  evnar å arbeide både sjølvstendig og i team
  • vere ein omdømmebyggar for faget og kommunen som tenesteleverandør

 For å få betre kjønnsbalanse i eininga oppmodar vi kvinner til å søke. 

Vi tilbyr:
  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglar og tariffavtalar
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Velkomen som søkar!

Sunnfjord kommune nyttar elektronisk søknadsprosess, og du må søke elektronisk.

 

 

  • Company
    Sunnfjord kommune
  • Application deadline
    17.08.2022
  • Position function
    Brannkonstabel
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4694011
  • Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
  • Updated 07.07.2022