Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
15.03.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5592516Se här för andra jobb från Sogndal kommune
- Uppdaterad 17.02.2024
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Sogndal kommune
Feiar - brannførebyggar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ønskjer du ein variert kvardag med både fysisk arbeid og kontorarbeid?
Ønskjer du både å jobbe i team og sjølvstendig?
Vil du bidra til å auke branntryggleiken i private heimar?
Er du ein problemløysar?
Trivst du med å snakk med andre menneske, men også å jobbe åleine?
Er du ute etter unik og allsidig kompetanse?
Vi har for tida ei ledig stilling som feiar/brannførebyggar, og lyser derfor ut etter faglært feiar/brannførebyggar, lærling eller lærekandidat for å fylle denne. Vi oppmodar kvinner om å søke.
Sogn brann og redning IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Vik, Sogndal og Luster. SBR IKS har sitt hovudkontor i Sogndal. Selskapet har i dag 14 heiltidstilsette, av desse er 5 feiarstillingar, og om lag 85 deltidstilsette fordelt på 6 brannstasjonar.
Førebyggande avdeling har ansvar for tilsyn med 196 særskilte brannobjekt, og feiing/tilsyn med i overkant av 11 500 fyringsanlegg spreidd rundt i heile ansvarsområdet vårt.
I tillegg til førebyggande og beredskapsmessige oppgåver etter brann og eksplosjonsvernlova, er også kommunane sitt ansvar for byggetilsyn etter plan- og bygningslova lagt til selskapet.
Venta arbeidsoppgåver:
- Gjennomføre feiing og tilsyn av registrerte fyringsanlegg i bustader, fritidsbustader og næringsbygg.
- Feie og inspisere fyringsanlegg etter pipebrann
- Oppdatere opplysningar om fyringsanlegga i fagprogram.
- Informere og motivere til brannførebygging generelt.
Kva treng du av kvalifikasjonar:
- Sveinebrev som feiar, eller
- Gjennomført grunnkurs byggfag eller liknande
- Anna vidare kompetanse som vil vere relevant for feiarfaget
- Førarkort minimum klasse B.
Om du blir tilsett og du ikkje tilfredsstillar kvalifikasjonskrava, må du forplikte seg til å gjennomføre nødvendig opplæring etter tilsetting.
Det vil bli lagt stor vekt på:
- Personleg eignaheit, engasjert og interessert.
Det vil i tillegg bli lagt vekt på:
- Gode munnlege og skriftlege framstillingsevner.
- Gode kunnskapar i, og erfaring med, bruk av IT-verktøy.
- Evne til å arbeide både i team og sjølvstendig, strukturert og nøyaktig.
- Vere fleksibel og ha evne til å skape gode relasjonar til både brukarar og medarbeidarar.
- Relevant praksis.
Vi tilbyr:
Du kan vente deg meiningsfull, utfordrande og allsidig kvardag i et ope og engasjert miljø. Hos oss kan du opparbeide deg brei kunnskap og erfaring innan både det byggtekniske og branntekniske området. Vi kan tilby fleksibel arbeidstid, løn etter tariff, samt det ypparste av norsk natur som arbeidsområde.
Informasjon om stillinga:
Nærare informasjon om stillinga får du hos leiar førebyggande avdeling Torill Anita Segtnan tlf. 476 72 972, eller brann- og redningssjef Vidar Trettenes tlf. 900 37 256.
Du søker på stillinga gjennom å nytte det elektroniske søknadssystemet som du finn på Sogndal kommune si heimeside.
Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
15.03.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5592516Se här för andra jobb från Sogndal kommune
- Uppdaterad 17.02.2024