• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    15.03.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5592516
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 17.02.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Feiar - brannførebyggar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ønskjer du ein variert kvardag med både fysisk arbeid og kontorarbeid?

Ønskjer du både å jobbe i team og sjølvstendig?

Vil du bidra til å auke branntryggleiken i private heimar?

Er du ein problemløysar?

Trivst du med å snakk med andre menneske, men også å jobbe åleine?

Er du ute etter unik og allsidig kompetanse?

 

Vi har for tida ei ledig stilling som feiar/brannførebyggar, og lyser derfor ut etter faglært feiar/brannførebyggar, lærling eller lærekandidat for å fylle denne. Vi oppmodar kvinner om å søke.

 

Sogn brann og redning IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Vik, Sogndal og Luster. SBR IKS har sitt hovudkontor i Sogndal. Selskapet har i dag 14 heiltidstilsette, av desse er 5 feiarstillingar, og om lag 85 deltidstilsette fordelt på 6 brannstasjonar.

Førebyggande avdeling har ansvar for tilsyn med 196 særskilte brannobjekt, og feiing/tilsyn med i overkant av 11 500 fyringsanlegg spreidd rundt i heile ansvarsområdet vårt.

I tillegg til førebyggande og beredskapsmessige oppgåver etter brann og eksplosjonsvernlova, er også kommunane sitt ansvar for byggetilsyn etter plan- og bygningslova lagt til selskapet.

 

Venta arbeidsoppgåver:

  • Gjennomføre feiing og tilsyn av registrerte fyringsanlegg i bustader, fritidsbustader og næringsbygg.
  • Feie og inspisere fyringsanlegg etter pipebrann
  • Oppdatere opplysningar om fyringsanlegga i fagprogram.
  • Informere og motivere til brannførebygging generelt.

 

Kva treng du av kvalifikasjonar:

  • Sveinebrev som feiar, eller
  • Gjennomført grunnkurs byggfag eller liknande
  • Anna vidare kompetanse som vil vere relevant for feiarfaget
  • Førarkort minimum klasse B.

 

Om du blir tilsett og du ikkje tilfredsstillar kvalifikasjonskrava, må du forplikte seg til å gjennomføre nødvendig opplæring etter tilsetting.

 

 Det vil bli lagt stor vekt på:

  • Personleg eignaheit, engasjert og interessert.

 

Det vil i tillegg bli lagt vekt på:

  • Gode munnlege og skriftlege framstillingsevner.
  • Gode kunnskapar i, og erfaring med, bruk av IT-verktøy.
  • Evne til å arbeide både i team og sjølvstendig, strukturert og nøyaktig.
  • Vere fleksibel og ha evne til å skape gode relasjonar til både brukarar og medarbeidarar.
  • Relevant praksis.

  

Vi tilbyr:

Du kan vente deg meiningsfull, utfordrande og allsidig kvardag i et ope og engasjert miljø. Hos oss kan du opparbeide deg brei kunnskap og erfaring innan både det byggtekniske og branntekniske området. Vi kan tilby fleksibel arbeidstid, løn etter tariff, samt det ypparste av norsk natur som arbeidsområde.

 

Informasjon om stillinga:

Nærare informasjon om stillinga får du hos leiar førebyggande avdeling Torill Anita Segtnan tlf. 476 72 972,  eller brann- og redningssjef Vidar Trettenes tlf. 900 37 256.

 

Du søker på stillinga gjennom å nytte det elektroniske søknadssystemet som du finn på Sogndal kommune si heimeside.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    15.03.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5592516
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 17.02.2024