• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    14.06.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5191081
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 01.06.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Fastlegeheimlar Skogsskiftet legekontor og Arkaden legesenter

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ledig 2 fastlegeheimlar i Øygarden kommune.

Fastlegeheimel ved Skogsskiftet legekontor.

Kontoret held til i moderne og funksjonelle lokale. Ca.30 minuttars kjøretid frå Bergen sentrum. Det er 6 fastlegar og ein LIS1 lege på legekontoret. Flinke og erfarne legesekretærar. Ein nyttar Infodoc journalsystem. Listestorleik er for tida 850 pasientar. Listestorleik kan endrast etter avtale med ny heimelsinnehavar. Fastlegeheimelen driftast etter sjølvstendig næringsdrivande modell. Ny heimelsinnehavar vil få tilbod om ALIS avtale viss vedkommande er i spesialisering i allmenn medisin.

 

Fastlegeheimel ved Arkaden legesenter.

Kontoret held til i funksjonelle og trivelege lokale i Sartor Storsenter på Straume. Ca. 15 minuttar kjøretid frå Bergen sentrum. Det er 6 fastlegar ved legesenteret. Flinke og erfarne legesekretærar. Ein nyttar Infodoc journalsystem. Nyoppretta fastlegeheimel med tentativ listestorleik på 1000 pasientar. Listestorleik kan endrast etter avtale med ny heimelsinnehavar. Fastlegeheimelen er drifta etter sjølvstendig næringsdrivande modell. Ny heimelsinnehavar vil få tilbod om ALIS avtale viss vedkommande er i spesialisering i allmenn medisin.

 

For begge stillingane gjeld følgjande :

Kvalifikasjonar:

Norsk autorisasjon som lege

Fullført norsk turnusteneste/ LIS1

Særs gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar vert vektlagd

Politiattest ikkje eldre enn 3 månadar må fremleggjast før ein tek til i stillinga.

 

Øygarden kommune har gunstige ordningar med omsyn til økonomisk støtte til næringsdrivande fastlegar ved eventuelt fråvær frå praksis i samband med  svangerskap eller sjukefråvær.

 

Søknadsfrist 14.06.2023

 

Kontaktperson:

Stein-Inge Stigen, kommuneoverlege , Øygarden kommune, Tlf: 55097226

Stein.stigen@oygarden.kommune.no

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    14.06.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5191081
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 01.06.2023