• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    25.03.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5006987
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 07.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Fastlegeheimlar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sunnfjord kommune har 4 legesenter med Skei, Naustdal, Sande og Førde som lokasjonar.

Vi har ledig:
  • fastlegeheimel ved Førde legesenter frå 01.04.2023
  • fastlegeheimel ved Sande legekontor frå 01.04.2023

Ved legekontoret på Sande jobbar 4 fastlegar og ein LIS1 –lege. Det er 3 årsverk hjelpepersonell på legekontoret. Det er 600 pasientar på denne lista. Ein må rekne med inntil 7,5 timar kommunalt arbeid per veke og vi kan legge til rette for ei større kommunal bistilling om ein ynskjer dette. Det er ingen kostnader knytt til oppstart i heimelen.

Ved Førde legesenter jobbar det 16 fastlegar. Det er 11 årsverk hjelpepersonell på legesenteret. Det er 700 pasientar på denne lista. Ein må rekne med inntil 7,5 timar kommunalt arbeid per veke og vi kan legge til rette for ei større kommunal bistilling medan ein aukar lista. Det er ingen kostnader knytt til oppstart i heimelen.

Vi kan tilby svært gunstige ALIS avtalar, både sjølvstendig næringsdrivande og fastløn (hybrid med incentiv). Vi er stolte av eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og hjelpepersonell. Vi nyttar per no Infodoc på legekontoret på Sande medan vi nyttar Pasientsky som journalsystem på legesenteret i Førde.

Kommunen deltek i eit interkommunalt legevaktsamarbeid med 5 kommunar. Legevakta ligg i eigne lokale ved sjukehuset og har ansvar for legevakt, KAD-senger og legevaktsentral. Legevakta er fullt bemanna med hjelpepersonell heile døgnet og det er til ei kvar tid to legar til stades på vakt. Begge er fastløna med gode vilkår i 22-delt vakt.

Det vil ved tilsetting bli lagt vekt på at søkar er personleg skikka, kan vise til gode samarbeidsevner, snakkar og skriv godt norsk. Søkarar må vere spesialistar i allmenn medisin eller starte på spesialiseringa ved tilsetjing. 

Politiattest må leverast før start i stillinga.

Du må søke elektronisk.

 

Velkommen som søkar!

Kontaktpersonar:

Knut Erik Folland (einingsleiar) mobil 91882662
kef@sunnfjord.kommune.no

Kjetil Hatteland (medisinsk fagleg ansvarleg lege på Sande) mobil 95922788
kjetil.hatteland@sunnfjord.kommune.no

Roy Båtevik (medisinsk fagleg ansvarleg lege i Førde) mobil 90604909
Roy.batevik@sunnfjord.kommune.no

 

 

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    25.03.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5006987
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 07.03.2023