Företag
Giske KommuneAnsökningstiden
26.01.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6502981Se här för andra jobb från Giske Kommune
Giske Kommune
Fastlegeheimel og fastlegevikariat ledig i Giske kommune
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Giske kommune har ledig fastlegeheimel med listestorleiek 950. Oppstart etter avtale.
I tillegg har vi ledig vikariat for fastlege med listestorleik 960. Vikariatet er ledig frå 1. mars 2026 til 1. mai 2027. Det kan vere aktuelt å inngå avtale om vikariat for delar av perioden.
Oppgi i søknaden om du er aktuell for begge stillingane, eller kun den eine.
Kommunen søker tilskott frå Helsedirektoratet for midlar til ALIS-avtale som vil kompensere utgifter og tapte inntekter knytt til spesialisering for ALIS.
Praksis ved Giske kommunale legesenter, lokalisert på Valderøya. Gruppepraksis med 11 fastlegar og ein LIS1. Senteret er velorganisert og har fokus på godt arbeidsmiljø og samarbeid. Avdelingsleiar har ansvar for alt administrativt. Stabilt og velfungerande hjelpepersonell. Journalsystemet er Infodoc Plenario.
Vi har erfarne spesialistar i allmennmedisin som rettleiarar for ALIS. God moglegheit for løpande supervisjon og rettleiing i tillegg.
Fastlegen arbeider som sjølvstendig næringsdrivande. Legesenteret blir drifta av kommunen. Legen får utbetalt basistilskott og inngår leigeavtale med kommunen, det er konkurransedyktige leigevilkår.
Det er ikkje knytt kommunal deltidsstilling til nokon av desse fastlegeheimlane, men det kan bli aktuelt med 10 % stilling som tilsynslege ved sjukeheim.
Deltaking i 10-delt legevakt kveld og helg ved Giske legevakt. Deltaking i interkommunal nattlegevakt i Ålesund med minimum 5 nattevakter i året.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Kvinnelege legar blir oppfordra til å søke.
Kvalifikasjoner:
- Autorisasjon som lege, helst med erfaring frå allmennmedisin.
- Oppfyller kompetansekrav for legar i kommunen. http://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2017-02-17-192
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse.
Personlige egenskaper:
- God på kommunikasjon og samarbeid.
- Evne til initiativ og til å vere fleksibel og løysingsorientert.
- Evne til å arbeide strukturert og målretta.
Andre opplysningar:
- Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
- Søkjar må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
- Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.
Vi tilbyr:
- Spanande arbeidsoppgåver
- Gode kolleger og hyggeleg arbeidsmiljø
- God fagleg støtte og rettleiing for uerfarne legar
Företag
Giske KommuneAnsökningstiden
26.01.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6502981Se här för andra jobb från Giske Kommune