• Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    14.04.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5657981
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
  • Uppdaterad 26.03.2024
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Sunnfjord kommune

Fastlegeheimel

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sunnfjord kommune har 4 legesenter med Skei, Naustdal, Sande og Førde som lokasjonar.

Vikariatet er knytta til legekontoret I Naustdal kor det jobbar 4 fastlegar og ein LIS1 –lege. Det er 4,2 årsverk hjelpepersonell på legekontoret.

Heimelen er ledig frå 1. juli 2024. Det er 600 pasientar på denne lista – pasienttalet kan aukast. Ein må rekne inntil 20 % kommunal stilling. Sidan dette er ei lita pasientliste kan vi tilby kurativ verksemd på anna legekontor i kommunen eller auka kommunal bistilling. Vi flyttar i nye og moderne lokale 1. oktober 2024.

Dei fleste fastlegane jobbar som sjølvstendig næringsdrivande med 0-avtale. Vi kan og tilby fastløn/hybrid-avtale og vi har gode ALIS avtalar. Vi er stolte av eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og hjelpepersonell. Vi nyttar Pasientsky som journalsystem.

Kommunen deltek i eit interkommunalt legevaktsamarbeid med 5 kommunar. Legevakta ligg i eigne lokale ved sjukehuset og har ansvar for legevakt, KAD-senger og legevaktsentral. Legevakta er fullt bemanna med hjelpepersonell heile døgnet og det er til ei kvar tid to legar til stades på vakt. Begge er fastløna med gode vilkår i 26-delt vakt.

Det vil ved tilsetting bli lagt vekt på at søkjarane er personleg skikka, kan vise til gode samarbeidsevner og snakkar/skriv godt norsk. Politiattest må leggast fram ved tilsetjing.

Du søker elektronisk.

Velkommen som søkar!

 

Kontaktpersonar:

Knut Erik Folland (einingsleiar) mobil 91882662 kef@sunnfjord.kommune.no

Arne Bjørnetun (medisinsk fagleg ansvarleg lege i Naustdal) mobil 97574480 arne.bjornetun@sunnfjord.kommune.no

 

  • Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    14.04.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5657981
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
  • Uppdaterad 26.03.2024