Företag
Ål KommuneAnsökningstiden
02.03.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6057886Se här för andra jobb från Ål Kommune
Ål Kommune
Fastlege - legestillingar Ål i Hallingdal
Offentlig forvaltning
Ål kommune er plassert sentralt i nokon av Sør-Norges mest attraktive fjellområder. Her ligg landets beste destinasjonar for sykling, ski og heilårsbasert fjellsport. Norsk Luftambulanse har sin base for Indre Sør-Norge på Ål, og utgjer saman med Hallingdal Sjukestugu og legetenesta i Ål eit sterkt fagmiljø og senter for regionale helsetenester og beredskap.
Me har ledig følgjande stillingar:
- Fastlegeheimel - inntil full listestorleik (810 listepasientar)
- Sjukeheimslege - inntil 80 % fast stilling, sjå eigen utlysing
- Det vil bli ledig komnuneoverlegestilling i løpet av året. Om du er nysgjerring på denne stillinga, så ta kontakt med kommunalsjef Borghild Ulshagen
Blir du med på laget?
Me er fleksible med tanke på avtale, og du vil sjølv kunne ha stor moglegheit til å påverke både listelengde og storleik på kommunale oppgåver. Heimelen kan knyttast til fast løn eller til privat praksis. Fastlegeheimelen kan kombinerast med stilling som sjukeheimslege eller kommuneoverlege. Me ber deg oppgi i søknaden om du ønskjer å jobbe i ein kombinert stilling.
Legekontoret er kommunalt drifta, med erfarent og stabilt hjelpepersonell. I alt er det 13 legar i legetenesta, i hovudsak på fastløn. 10 fastlegar 3 av dei i «Nordsjøturnus» samt legevaktsjef, legevaktslege, sjukeheimslege og kommuneoverlege i deltidsstilling. Me kan tilby èin velutstyrt og oppdatert arbeidsplass, og eit trygt, inkluderande og internasjonalt arbeidsmiljø
Legetenesta i Ål er fysisk tett knytt til Hallingdal sjukestugu (HSS). HSS er nærsjukehus for Hallingdal og gir desentraliserte spesialisttenester. Kommunen sine KAD plassar er samlokalisert til intermediær sengeavdeling (IMA) på HSS. Det er eigne legar tilsett ved IMA.
Ål kommune er registrert som utdanningsverksemd, har rettleiar for ALIS i legekollegiet, og vil legge til rette for oppfølging av utdanningsplan i spesialistutdanning i allmennmedisin.
Legevakt
Hallingdal er reiselivsregion med høgt folketal i periodar. Dette medfører stor pågang på legevakt. Det er tilsett legevaktslege for å redusere vaktbelastninga for fastlegane.
Det er lang veg til næraste akuttsjukehus (Ringerike). Det er derfor ønskjeleg med erfaring og interesse for ortopedi og skadebehandling.
Det er etablert interkommunalt legevaktsamarbeid med kommunar i Hallingdal.
- daglegevaktsamarbeid mellom legane i Ål
- legevaktsamarbeid med Hol og Hemsedal kommunar, lokalisert på Ål, ettermiddag og helg og med fast godtgjersle og tilstadeplikt.
- Interkommunal nattlegevakt med tilstadeplikt for 5 kommunar i Hallingdal, lokalisert på Ål.
Kvalifikasjonar
- lege med norsk autorisasjon
- spesialist i allmennmedisin, eventuelt under spesialistutdanning
- god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
- det er ynskjelig med sjølvstendig vaktkompetanse
- førarkort kl B
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og samarbeidspartar
- personleg eigna som fastlege og som kollega, god samarbeidsevne og flesibilitet.
- det vert lagt vekt på fagleg dyktigheit, evne til å ta sjølvstendig ansvar og vilje til fleksibilitet
- interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid og vilje til tverrfagleg samarbeid
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Søkjar må slutte seg til interne arbeidsavtaler ved kontoret på lik linje med dei andre legane.
Me tilbyr
- lønns og arbeidsvilkår, der ulike avlønningsmodeller kan drøftast.
- sjølvstendig næringsdrivande eller fastlønnsavtale
- triveleg arbeidsmiljø med motiverte og kompetente medarbeidarar
- moderne og godt utstyrt lokaler, inkludert røntgen.
- tilrettelegging for spesialiseringsløp i allmennmedisin, ALIS-avtale
Dersom du vil flytte til Ål, så har me fadder for nytilflytta, velkomsttreff og personleg oppfølging av deg som ny i Ål. Me hjelper deg å skaffe bustad.
Søknad og politiattest
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
- intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Företag
Ål KommuneAnsökningstiden
02.03.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6057886Se här för andra jobb från Ål Kommune
-
Sjukeheimslege - legestillingar i Ål
Ål Kommune
ÅL -
Generell Søknad - tilkallingsvikar i Helse- og omsorgsektoren
Ål Kommune
ÅL -
Familiens hus, psykisk helse har ledig ein spennande 100% midlertidig stilling
Ål Kommune
ÅL -
100% fast stilling som pedagogisk leiar
Ål Kommune
ÅL -
Ferievikar 2025 - Kjøkken - Sogndal (SHOS)
Sogndal kommune
SOGNDAL