• Company
    Hå kommune
  • Application deadline
    26.08.2024
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    4360, VARHAUG

    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5842825
  • Look here for other jobs from Hå kommune
  • Updated 13.08.2024
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Hå kommune

Fastlege

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ein av dei gode fastlegane våre skal bli fastlege i ein kommune nærare heimstaden og me er difor på jakt etter ein ny til å bli ein del av den gode gjengen på Vigrestad legekontor. Kontoret fyller 40 år og kjernepersonellet har vore der heilt sidan starten. Kontinuiteten er difor absolutt på plass og trivselen er høg.
Legesenteret på Vigrestad består av 6 fastlegar , lis 1 og samarbeidande personell som hovudsakleg er sjukepleiarar. Det er gode rutiner for samarbeid og bruk av sjukepleiarane til vurdering der det er fornuftig. Fastlegetenesta er godt integrert i den øvrige kommunale helsetenesta, me har og psykolog som arbeider på tvers av legekontora med pasientbehandling, veiledning og rådjevning.

Kommunen arbeider med å leggja til rette for ytterlegare fastlegestillingar så om du tenkjer det er aktuelt å testa ut fastlegeyrket som vikar må du gjerne søkja her og skriva dette.
Hå kommune har 22 kommunale fastlegeheimlar fordelt på tre legekontor. Me har gode ordningar for utdanning og rettleiing, stor trivsel og eit godt tverrfagleg samarbeid i ein framoverlent organisasjon. 1. juni 2022 gjekk me inn i interkommunalt legevaktsamarbeid.
Hjå oss slepp du å ta ansvar for drift av legekontoret, finna din eigen vikar og me er gode til å finna løysninger dersom du treng ein dag fri.

Oppstart 01.01.25 eller etter avtale.

Kvalifikasjonar

  • gjennomført Lis 1
  • god kunnskap om norsk lovverk

Personlege eigenskapar

  • interesse for allmennmedisin
  • evne til å arbeida sjølvstendig og i samarbeid med andre

Personlege eigenskapar og lokal tilknytning vert vektlagt.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål, i PDF-format, sammen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Politiattest nyare enn tre månadar må leverast før start i stilling.

Tilsetjingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månadar og reglar for flyttegodtgjersle.

 

  • Company
    Hå kommune
  • Application deadline
    26.08.2024
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    4360, VARHAUG

    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5842825
  • Look here for other jobs from Hå kommune
  • Updated 13.08.2024