Company
Askvoll kommuneApplication deadline
01.09.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5819021Look here for other jobs from Askvoll kommune
- Updated 14.08.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Askvoll kommune
Fastlege 100% fast stilling - Utvida søknadsfrist
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi ønskjer deg som fastlege!
Askvoll legesenter er eit velatablert legekontor med eit godt kollegialt arbeidsmiljø. Vi har 4 fastlegeheimlar og ein LIS1 lege. Stillingane inkluderer og tilsyn ved sjukeheim, helsestasjonslege og kommuneoverlege. Det er 5 tilsette hjelpepersonale; sjukepleiarar og helsesekretærar.
Det er ledig ein fastlegeheimel (100%) frå snarast med listelengde på ca. 750 pasientar (maks 840 pasientar) og 7,5 t/v kommunal bistilling. Legen kan velge tilsetjingsform (fastlønn eller privat næringsdrivande med 8.2 avtale). Kommunen vil også vere fleksibel i forhold til t.d. arbeidstid i tilfelle du vil vekependle. Opplys i tilfelle i søknaden om dette, så ser vi om det er mogeleg å tilpasse i drifta.
Askvoll kommune deltek i Sunnfjord Ytre Sogn interkommunale legevakt (sys-ikl), lokalisert i Førde frå kl. 15.30-08.00 på kvardagar og heile døgnet på helg og heilagdagar. Det utgjer ca 2-3 vakter per månad per lege (fastlønsavtale).
Vi søkjer etter lege som har interesse for allmennmedisin, både ferdig spesialist eller deg som ønskjer å starte på spesialisering i allmennmedisin. Legesenteret er godkjent som utdanningsverksemd og gjev rettleiing og supervisjon frå spesialist i allmennmedisin.
Kvalifikasjonar:
- Vi søkjer spesialist i allmennmedisin eller lege som kvalifiserer seg til tilsetjing i LIS3 stilling i allmennmedisin
- Godkjent LIS1
- Norsk autorisasjon som lege
- Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både skriftleg og munnleg.
Personlig eigenheit, interesse og kunnskap vil verte vektlagd.
Erfaring frå kommunehelsetenesta og fastlegeordninga er ein stor fordel.
Det er krav om framlagd politiattest før oppstart.
Vi tilbyr:
- Løn etter avtale med incentivordning (ved fastløn)
- Individuell rettleiing og supervisjon av spesialist for LIS3
- Gode arbeidsforhold i fine lokale med trivelege kollegaer og personale
- Regelmessig akuttmedisintrening
- Pensjonsordning KLP
- Flyttegodtgjersle, jfr personalhandbok for Askvoll kommune
- Hjelp til å skaffe bustad
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Company
Askvoll kommuneApplication deadline
01.09.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5819021Look here for other jobs from Askvoll kommune
- Updated 14.08.2024