Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
03.04.2023Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
5083461Se här för andra jobb från Øygarden kommune
- Uppdaterad 21.03.2023
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Øygarden kommune
Faste helgestillingar 15%, somatisk avdeling Fjell sjukeheim
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Helsefagarbeider/spl.student/assistent til fast 15%, somatisk avd Fjell sjukeheim
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet. Administrasjonsspråket i Øygarden kommune er nynorsk.
Om avdelinga:
Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume.
Sjukeheimen har 42 pasientar fordelt på somatisk avdeling med 34 pasientar og dementavdelinga med 8 pasientar.
Somatisk avdeling har avlastningsplassar, korttidsplassar og langtidsplassar.
Det er eit godt og triveleg fagmiljø og arbeidsmiljø. Avdelinga har god dekning med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, leger og musikkterapeut. Pasientane får fysioterapi og ergoterapi etter behov.
Arbeidsoppgåver:
- Helsefaglege oppgåver
- Ivareta pasientanes individuelle behov
- Dokumentasjon
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar:
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå sjukeheim
Personlege eigenskapar:
- Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskjer
- Serviceinnstilt
- Fleksibel og strukturert
- Målbevisst og resultatorientert
- Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Avd.leiar: May-Britt Hægland: tlf: 951 60 647
Einingsleiar: Ruth N bakke: tlf: 55 09 74 13/ 903 60 110 e-post: ruth.bakke@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
03.04.2023Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
5083461Se här för andra jobb från Øygarden kommune
- Uppdaterad 21.03.2023