Company
Alver kommuneApplication deadline
06.10.2020Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3173887Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 22.09.2020
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Alver kommune
Fast stilling og 50 000 i rekrutteringstillegg!
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som sjukepleiar ved Manger heimeteneste frå snarast råd. Stillinga er 35,5 t/v i todelt turnus, med arbeid kvar 3. helg med tilbod om rekrutteringstillegg mot bindingstid. 2 år bindingstid mot kr 50.000,- i rekrutteringstillegg som blir utbetalt ved oppstart.
Om Manger heimeteneste
Manger heimeteneste har base på Manger og gjev tenester til brukarar som bur på Radøy. Heimetenesta har sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, vernepleiarar og assistentar. Manger heimeteneste kan tilby eit godt og stimulerande arbeidsmiljø. Vi er ei avdeling i stadig utvikling og har eit felles fokus på gode tenester.
Arbeidsoppgåver
Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene femnar m.a. om heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisinar. Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.
Kompetanse
- Autorisert sjukepleiar
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du er inspirerande og engasjert i faget.
- Du kan prioritera i ein travel kvardag, og trivst både med å arbeide sjølvstendig og som del av eit team
- Du har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag
- Du er fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
- Du er løysingsorientert og fleksibel
Vi tilbyr
- Dyktige kollegaer og høg kompetanse
- Fagleg utvikling
- Humor og humør
- Tilsetjing i samsvar med gjelande lov- og avtaleverk
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- God pensjonsordning
Politiattest
I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Company
Alver kommuneApplication deadline
06.10.2020Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3173887Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 22.09.2020