• Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    14.09.2023
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5338262
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
  • Updated 01.09.2023
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Øygarden kommune

Fast 80-100 % sjukepleiar/vernepleiar stilling ved Tednebakkane Omsorgssenter

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Våre verdiar: Stolt-På lag-Med glød-Modig

 

Om avdelinga:

Tednebakkane Omsorgssenter er ein institusjon som ligg idyllisk til på Rong med utsikt mot Hjeltefjorden. Me har eige institusjonskjøkken og dagavdeling

Sjukeheimen er inndelt i 3 avdelingar: Somatisk avdeling med 21 plassar, dementavdeling med 20 plassar og forsterka skjerma avdeling med 4 leilegheiter. Egen aktivitetsterapeut og lege kvar dag. Fysioterapi og ergoterapi etter behov.

 

Me ønskjer oss ein kollega som ser sine bebuarar, har godt humør og er fagleg sterk. Du må vere fleksibel, ta utfordringar, ikkje vere redd for å spørje. Her vil me alle kvarandre vel. Tverrfagleg samarbeid må til for at bebuar sin kvardag skal bli best mogleg.

Me kan legge til rette for arbeid kvar 3 helg med ordinære vakter, eller langvakter kvar 4 helg. Har du andre spesifikke ønskjer i ein årsturnus er me fleksibel og saman med deg vil me finne ein god løysing.

Me har no ledig ein fast sjukepleiar/vernepleiar stilling i 80-100%. Ønskjer du 100% stilling er  20% av stillinga knytt til timebank. Stillinga er for tida på demens avdelinga.

Stillinga er ledig f.o.m. 01.10.2023 eller etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver:

  • Gi fagleg og heilhetleg behandling til bebuarane
  • Saman med aktivitetsterapeut gi tilpassa aktivitet til den enkelte
  • Fokus på mat og ernæring
  • Ansvar for legevisitt og oppfølging av denne
  • Lindrande behandling ved livets siste dagar
  • Kontakt med pårørande
  • Primærkontakt
  • Rettleie studentar
  • Dokumentere i EPJ

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar.
  • Er du nyutdanna sjukepleiar/vernepleiar oppfordrar me deg til å søkje. Opplæring vil bli gitt
  • Bestått B2 i norsk

Ønskjeleg med:

  • Ønskje om erfaring frå demensomsorg
  • Vidareutdanning innan aldring og eldreomsorg/ psykiatri
  • Kunnskap om ernæring

Personlege eigenskapar:

  • Jobbar strukturert og er løysingsfokusert
  • Kommuniserer godt med bebuarar, pårørande og kollegaer
  • Fagleg engasjert, forskingsbasert tilnærming
  • Personleg eigna vil bli vektlagt

Anna:

  • Det krevst gyldig politiattest

Vi tilbyr:

  • Ein spennande arbeidsplass der du får brukt din kompetanse
  • Støttande leiing
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift

Kontakt:

Britt Pedersen, Einingsleiar. Mobil 40069141, mail: britt.pedersen@oygarden.kommune.no

 

May Britt Ellingsen avd.leiar. Mail: May-Britt.Ellingsen@oygarden.kommune.no

 

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    14.09.2023
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5338262
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
  • Updated 01.09.2023