Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Surnadal kommune

Farmasøyt i 100% stilling

Brannvesen

Heimetenesta skal tilsette farmasøyt i heimesjukepleia.

Stillinga inngår i turnus med f.t arbeid tredje kvar helg med hovudansvar for oppgåver og rutinar på medisinrommet og oppgåver i heimesjukepleia elles.

Avdelingsleiar er næraste overordna.

 

Arbeidsoppgåver

Stillinga vil vere delt med faste dagar på medisinrommet med ansvar for oppgåver, rutiner og kvalitetsforbedring av medikamenthandtering i eininga.

Resten av stillinga vil vere pasientretta arbeid med f.t 3.kvar helg i heimesjukepleia.

Fordeling av stillingsprosent vil kunne variere ut frå arbeidsplana elles er i eininga, t.d avvikling av ferie og andre oppgåver som skal løysast i eininga. Utgangspunktet er likevel at ca 60% av stillinga er direkte knytt til medikamentoppfølging på medisinrommet.

 

Oppgåver som farmasøyt:

  • dagleg tilrettelegging op oppfølging av medikamenthandtering
  • kontaktperson for samarbeidande apotek
  • kompetansehevande tiltak og opplæring av tilsette i eininga rundt medikamenthandtering

 

Oppgåver i heimesjukepleia:

  • pleie- og omsorgsarbeid
  • respons på tryggleiksalarmar
  • dokumentasjon og oppfølging av tiltak
  • tverrfagleg samarbeid

Det kan bli lagt andre aktuelle oppgåver til stillinga.

 

Krav til kompetanse:

  • Bachelor i farmasi

Personlege eigenskapar:

  • fagleg trygg
  • kan bidra til utviklinga av eit godt arbeidsmiljø
  • ha gode samarbeidsevner og ha evne til å motivere andre i arbeid og endring
  • ha god muntleg og skriftleg framstillingsevne
  • du har vilje og evne til sjølvstendig arbeid

Vi tilbyr:

  • godt arbeidsmilijø med vekt på fagutvikling og tverrfagleg arbeid
  • lønn i hht gjeldande avtaleverk
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen

 

Tilsettingsvilkår:

Du må ha førarkort kl.B. Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn tre månader, skal leggast fram før oppstart i stillinga.